Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
bygg og bu
Huset som var gøymt og nærast gløymt
Med grenselaust pågangsmot og massiv arbeidsinnsats har dei løfta det 90 år gamle huset frå ein sikker undergang til det som skal bli ein moderne bustad.
Men gamal stil og verdfullt og friskt innhald i bygget skal bergast og gjenbrukast. Det forsikrar det medvitne og arbeidsvillige ekteparet, Karina og Tore Birkeland.
Mange har truleg dagleg køyrt framom dette huset utan å vita om det. I eit par tiår har huset lege godt gøymt mellom lauvskog, nye grantre og kratt. Vegstubben fram dit frå Riksveg 47 mellom Vågedalen og Birkeland var nærast gitt tilbake til naturen.
Nå er det rydda og oppgradert veg fram til huset. Skogen nærast huset er fjerna og gardsplassen utvida.
Tore Birkeland fortel at to velvaksne rododendron-buskar hadde vakse inn gjennom ytterdøra.
Stillas av heimeskoren material er sett opp rundt heile huset. Ludolf Birkeland, far til Tore, er leverandør av material til stillasbygging. Han driv sagbruk på hobbybasis heime på garden på Birkeland og tømmeret er henta frå eigen skog.
Nytt tak under skiferheller
På tunet står om lag 1.000 skiferplater mellomlagra i kassar. Desse blei nyleg henta ned frå taket av det gamle huset og skal om kort tid løftast opp att. Då kjem den gamle gaffeltrucken godt med. Planen er at taket skal stå ferdig og tett før vinteren.
Karina fortel om dugnaden som blei halden i sommar då skiferhellene skulle ned frå taket. Heile familien med barn og svigerbarn blei mobilisert. Ei lang renne eller sklie blei snekra saman og i enden av renna blei montert eit halvt bildekk, som skulle sikra ei mjuk landing.
I følgje Tore blei knapt nokon av skiferhellene knust og heile hustaket var tomt for takstein etter tre timars dugnadsinnsats.
Nokre skiferheller hadde opp gjennom åra falle ned frå taket ved naturmetoden. Rundt pipa var det tydelege spor etter lekkasje. Nå er heile taket i ferd med å bli nytt. Det er heva med seks-toms bjelkar oppå det gamle taket. Under det nylagde sutaket ligg isolasjonsmatter.
Ny ytterkledning og vindaugo
Bordkledninga rundt heile huset skal også bytast. Nye kledingsbord, som er ferdig grunna, er alt innkjøpt. Tore seier at gamal kledning, som er i bra stand, skal gjenbrukast til bygging av hagestova like ved det restaurerte huset. Etter at den gamle kledninga er fjerna, skal tømmerveggane utvendig kledast med vindpapp før montering av 10 centimeter tjukke isolasjonsmatter. Utanpå mattene skal festast asfaltplater og deretter ny vindpapp før ny ytterkledning skal oppgradera heile huset.
Bytast skal også alle vindaugo. Dei skal likevel koma til nytte i eit drivhus, som er planlagt på tomta. Nye vindaugo i same stil som dei gamle er kjøpte inn. Dei får utvendige sprosser.
-Spesiallaga nye vindaugo med gjennomgåande sprosser ville bli så uendeleg mykje meir kostbart at det har me droppa. Inntrykket du får av huset utvendig når det er ferdig restaurert, skal likevel bli om lag som då huset var nytt, seier Tore.
Kittyhuset og tapet
Då Karina og Tore kjøpte huset og tilhøyrande tre mål stor tomt rundt pinsetid for 720.000 kroner, hadde det lege ute for sal i åtte år. 1994 var det siste året nokon hadde budd der. Det var tre søstrer som fekk bygd huset tidleg på 1930-talet. Den eine av dei tre, som var sjukepleiar og heitte Kristine, blei kalla Kitty. Seinare har Kitty-namnet festa seg til huset. Den siste av dei tre søstrene døydde rundt 1980.
Kraftlinje i luftspenn fører inn til huset. Men straumen er ikkje tilkopla. Under restaureringa må elektroverktøy difor bli forsynt med straum frå eit dieselaggregat.
Berre små endringar er gjorde i huset sidan det blei bygt. I nesten alle rom var veggane tapetserte, ofte med ullpapp under. Karina fortel om mange timar med tolmodig fjerning av tapet, bit for bit.
Kamp mot mått
– Eg tek gjerne ein tur hit dei dagane eg har fri på føremiddagen og dusjar den gamle tapeten med vatn. Under ei økt om ettermiddagen kan eg så starta fjerninga. Arbeidet går langt lettare når tapeten er gjennomtrekt og våt.
I eitt av dei soveromma var det plater på veggane, og bak platene var veggen dekt med avispapir frå 1930-talet.
– Me har diverre ikkje funne avisbitar med tydelege årstal for publisering, seier Karina.
Ein annan tidkrevjande og lite triveleg jobb er å behandla alle overflatene inne i huset med kjemikaliar, som skal ta knekken på måtten. Den har elles ein lei vane med å bora seg gangar i gamalt treverk. Målet er at dei gamle tømmerveggane skal bli synlege. Det same gjeld golvplankane som til nå har vore dekte av ymse golvbelegg av linoleum.
Her ligg det til rette for mange timar med sliping og pussing – iført vernebriller, masker og anna verneutstyr.
Saman sidan barneskulen
Både Karina og Tore gjer oppussingsarbeidet med Kittyhuset på fritida. Tore er maskinførar og altmoglegmann i entreprenørfirmaet J. Kvalvågnes, medan Karina har halv stilling ved Saltveit skule i Haugesund. Dei bur på garden Birkeland der Tore er fødd og oppvaksen. Karina kjem sjølv frå ein gard i Smørsund, berre ein kilometer lenger sør.
Heilt sidan dei gjekk samtidig på Vikse barneskule, har dei to halde saman. Dei blei foreldre i slutten av tenåra og har i dag tre vaksne born. I løpet av det komande året skal eldste sonen, Joachim saman med kjærasten Anna, overta garden. Joachim blei nyleg lokal kjendis etter at han representerte Norge under EM i sveising i Danmark.
Kårfolket på Birkeland gard, Karina og Tore, vil overlata hovudhuset til den nye eigaren. Målet er difor å få gjort klar sin nye bustad i Kittyhuset i løpet av 2026.
Pågangsmot
– Korleis finn de pågangsmot til å gå laus på eit så omfattande oppussingsprosjekt?
– Me har hausta erfaring gjennom ein del år med ombygging og oppussing av det gamle hovudhuset på Birkeland, seier Tore.
Han legg til at han alltid har hatt interesse for trearbeid og likar å skapa ting – sjå varig resultat av arbeidsinnsatsen. Dessutan kjem yrkesbakgrunnen som maskinførar godt med når anleggsområdet rundt Kittyhuset skal ferdigstillast.
Karina legg til at avstanden til Kittyhuset frå gardshuset som dei framleis bur i, er så kort at det er lett å ta ein tur på kveldstid og ettermiddagar for å jobba ein time eller to.
Dei er begge svært opptekne av gjenbruk og å ta vare på mest mogeleg av det gamle ved Kittyhuset. Gamle forseggjorde lister og karmar skal løysast forsiktig ned, skrapast, pussast og malast før gjenbruk. Dei fleste gamle innvendige dørene er i bra stand og skal få mange nye bruksår.
Karina seier at ho har følgt med på NRK sine TV-program om oppussing av gamle hus.
– Der er inspirasjon å hente. Men eg saknar likevel fleire konkrete råd om korleis ymse oppgåver kan løysast, legg ho til.
Nytt i gamalt
Huset skal òg få nokre pynteklossar utvendig på vindaugskarmane og under takskjegget. Søylene som held taket oppe over inngangsdøra skal erstattast med nye tresøyler med same form og utskjeringar.
– Me har nokså klare visjonar for korleis huset skal bli, men mykje blir også til undervegs.
Litt nytt skal òg inn i huset. Det gjeld mellom anna kjøkkenet, som skal få ei praktisk og moderne innreiing med alle moderne hjelpemiddel. Det gamle kammerset ved sida av kjøkkenet skal byggjast om til toalett og bad. Det vil seia at det nye våtrommet, bygd etter dagens krav, kjem i eit lite tilbygg ved sida av kammerset. I tilbygget skal det òg bli vaskerom og plass til dusj.
Ein ny vedomn er alt komen på plass i stova. Den gamle skorsteinen har fått eit nytt fleksibelt stålrøyr inni seg og ny feieluke på loftet òg i kjellaren. Tore forklarar at med feieluke på loftet vil dei unngå at feiaren må på taket for å feia nedover i pipa. Dermed blir det heller ikkje krav om montering av stegjern på taket. Gjennom luka på loftet kan feiaren jobba både oppover og nedover. Sotet blir henta ut gjennom luka i kjellaren.
Krevjande flytting
Hovudhuset på garden Birkeland har ei grunnflate på om lag 150 kvadratmeter i to høgder, medan Kittyhuset har ei grunnflate på knapt 50 kvadratmeter.
– Korleis vil det vera å bu med langt mindre areal?
– Me treng ikkje meir plass til oss to og ein hund. Men nokre av tinga våre må kvittast. Noko blir att i hovudhuset, noko vil dei andre borna overta. Men me treng òg litt plass på garden til å lagra nokre av tinga våre, seier Karina.
Tore legg til at eit mindre hus som nyleg er rehabilitert, vil krevja mindre vedlikehaldsarbeid.
– Får me ledig tid, kan me i staden hjelpa dei unge heime på garden og dei andre borna våre, seier Tore.