bygg og bu

Heime hos Nerhus

12. juli fekk Marita Tverfjell Nerhus (30) og Tore Mikal Nerhus (35) nøklane til sin nybygde einebustad midt i Sveio sentrum. Det innhaldsrike huset på to plan har alt dei treng i lang tid framover.

Publisert Sist oppdatert

Tomannsbustaden i Sveioåsen var blitt i minste laget for familien på fem og dei hadde vore på jakt etter større heim ei stund då dei kom over brosjyrane til Bømlo Hus. Frå den første samtalen med Bømlo Hus til avtalen var signert gjekk det ikkje meir enn to veker. Korkje Marita eller Tore Mikal hadde bygd hus før, men skryt av prosessen med totalleverandøren.

Alt dei treng

Dei gjorde ein del endringar på teikningane og resultatet blei ein einebustad over to plan med stove, kjøkken, fem soverom, to bad, kjellarstove og vaskerom. Marita og Tore Mikal ser for seg at kjellarstova kjem til å bli mykje brukt når ungane har vener med heim. Elea (5), Ada (4) og Levi (1) har kvart sitt rom, og i tillegg står det eit gjesterom klart når farmor og farfar kjem for å besøkja barnebarna sine.

Tore Mikal er frå Valldal på Sunnmøre, så dei reknar med at gjesterommet kjem til å bli ofte besøkt. Marita er frå Auklandshamn, og mormor og morfar har òg flytta til sentrum og bur berre nokre hundre meter unna.

Knirkefritt

Paret er velsigna med lik smak når det kjem til interiør og fargeval. Tore Mikal stolar fullt og heilt på Marita og visste ikkje kva fargar det skulle vera på veggene før han kom og såg det ferdige resultatet. I tillegg til LED-lysa i trappa trekkjer han fram fargen på badet som noko av det finaste i huset.

Nokre nye møbler måtte på plass då familien fekk fleire kvadratmeter å boltra seg på. Det førre huset hadde ein annan fargepalett, så litt utskifting måtte til, men mykje blei med vidare.

Praktisk

Tore Mikal arbeidar som bilseljar hos Kverneland Bil i Haugesund og Marita i barneverntenesta, det òg i Haugesund. Med lange dagar på jobb er det greitt at ungane, når dei blir større, kan gå til og frå fritidsaktivitetar utan å vera avhengig av å bli køyrde. Butikk, barnehage og skule er heller ikkje meir enn ein kort spasertur unna. Familien er godt nøgd med nabolaget og gler seg til å gjera huset til ein heim.

Powered by Labrador CMS