bygg og bu

Har planlagt vern av sjeldant tun

Den pensjonerte sivilarkitekten Kåre Bua har brukt både hjarte og hjerne når han har planlagt vern av eigedommen Sanden – eller «Sa´en», som det heiter på dialekt – i Buavåg.

Publisert Sist oppdatert

Bua sin tippoldefar Andreas Olsen Fitje kom frå Osterøy i Nordhordland og kjøpte eigedommen i Buavåg som til då hadde vore husmannsplass. Det var i 1849. Seinare har Sanden vore i familien.

Kåre, som er eigar i femte generasjon, har sjølv mange gode barndomsminne frå tida då besteforeldra på morssida, Sally og Konrad Bua, budde på Sanden. Han legg ikkje skjul på at dei nære banda han på den måten fekk til eigedommen, har medverka til at han ønskjer å ta vare på huset og staden for framtidige generasjonar.

Kåre Bua viser fram bilde av dei første som budde her. Om det er første eller andre kona til Andreas Olsen Fitje som er med på bildet han viser fram, er ikkje Bua sikker på.

Uvanleg i Sveio

Også fagleg ser han at Sanden kan ha stor verneverdi, mellom anna fordi det finst få eller ingen andre hus av dette slaget i Sveio. Bustadhuset er nemleg bygd saman med fjøset og låven.

– Då eg var liten fekk eg høyra at tippoldefar bygde slik for å spara ein yttervegg, seier Bua.

Han utelukkar likevel ikkje at tippoldefaren kan ha valt denne løysinga også fordi han kjende denne bustadtypen frå Nordhordland.

Bygningskonsulent Kathrine Norum ved Sunnhordland museum utelukkar heller ikkje denne forklaringa. Ho uttalar seg på generelt grunnlag utan kjennskap til bygningen i Buavåg.

– I Nordhordland og Hardanger var det meir vanleg å byggja bustadhus og fjøs/låve saman, seier Norum.

Kåre kjøpte Sanden i 2015 då dei andre slektningane valde å selja seg ut. Han gjekk straks i gang med utarbeida reguleringsplan med tanke på vern. Planen omfattar hovudhuset, ein husmur som det aldri har stått hus på, ein jordkjellar og naust nede ved sjøen. Ved sjøen er det også murar etter endå eldre sjøbuer som må ha stått der før tippoldefar Andreas si tid.

Kvisten eller oppløftet til høgre er bygt på i nyare tid.

Gjestehus med atelier?

I 2022 utarbeidde Bua også eit omfattande dokument som vedlegg til ein påtenkt søknad til Kulturminnefondet om midlar til restaurering. Dokumentet inneheld detaljerte opplysningar om bygningane, illustrert med bilde og teikningar, og mykje historikk om staden og folka som budde der. Han har også skissert tre ulike alternativ til bruk av eigedommen etter ei evenetuell restaurering.

– Det mest realistiske er å gjera bygningen til gjestehus med verkstad/atelier for dei som bur her no, seier han, og tenkjer med dette på borna sine med familiar som alle har fått tomter av eigedommen Sanden.

Dei andre alternativa er å oppgradera huset til hytte eller bustad, men det vil vera mykje meir omfattande og kostbart, meiner Bua.

Huset har innlagt straum, men det elektriske anlegget må fornyast. Det har aldri vore innlagt vatn og manglar difor rom for bad og toalett som vil vera nødvendige om det skal koma på tale med ny bruk.

Planteikning av huset slik det såg ut frå 1850 til 1960. Bustaddelen har inngang rett inn på kjøkenet. Stova til høgre er på ca. 15 kvadratmeter. Takhøgda i første etasje er 1,83 meter. Oppe er det ein «utelem» og ein sovesal. Teikning: Kåre Bua

Stort sildefiske

På den tida Andreas Olsen Fitje gjorde sveibu av seg, var det kvar vinter store sildefiskeri i fjorden utanfor og på Sletta. To bergenske kjøpmenn, Konow og Nikolaisen, dreiv kvar sitt sildesalteri Buavåg. Bua ser ikkje bort frå at tippoldefaren kan ha vore oppsynsmann hjå ein av desse.

– Tippoldefar var på ingen måte velståande. Huset hans vitnar om det. Dette må ha vore ein vanleg fiskarbondeheim frå midten av 1800-talet. Likevel klarte han å kjøpa seg endå ein gard,   denne gongen på Lokna. Den eigedommen selde han rett nok då den første kona hans døydde i 1871, fortel Bua.

Andreas hadde også kontakt med fleire av dei som var rekna som storkarar i bygdene omkring. Då han gifta seg på nytt  etter kort tid, stilte både Erik Jacobsen og Reier Tollefsen Enerstvedt opp som forlovarar. Begge desse var kjøpmenn og sildesaltarar, Jacobsen på Øklandsnes og Enerstvedt på Tjernagel.

Den andre kona til  Andreas blei Kåre Bua si tippoldemor.

Husmuren som Andreas Olsen Fitje sette opp, men aldri bygde hus på. Vedhuset er ikkje verneverdig, meiner Kåre Bua.

Flytta eldre hus

Det første Andreas Olsen Fitje gjorde etter at han hadde overtatt Sanden, var å mura grunnmur til nytt bustadhus. Han kom likevel aldri så langt at han bygde hus på grunnmuren. I staden kjøpte han ei stove frå ein annan husmannsplass i nærleiken og sette opp denne litt ovanfor muren han hadde laga. Kor gammalt huset er, veit Bua difor ikkje sikkert. Han trur det kan vera frå tidleg på 1800-talet. Om stovehus og fjøs/låve var bygt saman også der huset opphavleg blei sett opp, veit han ikkje.

Grunnmuren til huset som aldri blei bygt, står framleis. Inni muren blei det på 1950-talet sett opp eit vedhus som framleis står, men dette reknar ikkje Bua som verneverdig. Elles minnest han at bestefaren hadde både slipestein og røykeri for fisk innanfor muren sine vegger.

I tvil om vegen vidare

Av ulike grunnar kom ikkje Bua så langt at han sende søknad til Kulturminnefondet i 2022. Av omsyn til alder og eiga helse sit han framleis på gjerdet og er i tvil om han skal gå i gang med restaureringsarbeidet. På den andre sida er han heller ikkje klar for å selja verneobjektet ut av familien.

– Uansett om eg får økonomisk tilskot eller ikkje, vil det vera nødvendig å gå inn med fleire millionar kroner for setja bygningane i slik stand som eg har planlagt. Eg lyt rådføra meg med etterkomarane mine om kva eg skal gjera. I alle fallt vil eg til sommaren leggja nytt tak på låvedelen for å berga den frå forfall, fortel han.

Det blir i så fall eit mellombels tak av aluminiumsplater, slik det tidlegare også er gjort på bustaddelen og naustet. Opphavleg var det helletak på låven og teglstein på bustaddelen.

Nede ved sjøen er det brygge og murar etter sjøbuer frå før Anders Olsen Fitje si tid.
Powered by Labrador CMS