bygg og bu
Har hyttestil i heimen
Charlotte Marie Helgesen lever ut si interiørdraum. Ho bur i eit hus med hyttestil og deler det med fleire tusen følgarar på sosiale medium.
— Det er først og fremst utsikta dei reagerer på, seier Charlotte Marie Helgesen.
Slik beskriv ho kva gjestar seier når dei kjem på besøk. Men det er ikkje utsikta åleine som er verdt å sjå.
Amerikansk på norsk
Helgesen har nemleg ein særeigen interiørstil som aukar i popularitet i USA, såkalla Cabincore.
Den viser ho jamleg fram i sine to instagramkontoar med fleire tusen følgarar.
— Kva er Cabincore?
— Det er noko amerikansk. Det er i kjernen av hytta at ein skal ha det koseleg, og få den hyttekjensla heime. Dei har det på hyttene sine og me har det slik heime. Det er fleire og fleire som lever det livet hundre prosent, seier Helgesen.
Huset vert rett og slett sjåande ut litt som ei amerikansk hytte, men ikkje heilt.
— Det er litt blanda. Eg blir påverka av trendar, men gjer det til mitt eiget, seier Helgesen.
Å setja fingeren på kva som gjer noko til sitt eige kan vera vanskeleg. Ho meiner å ha funne si oppskrift.
— Me drar inn mørkt treverk og koselege detaljar, seier Helgesen.
Samarbeid med sambuar
Huset deira vart ferdig jula 2019. Dei er takksame for at dei akkurat unngjekk kaoset pandemien skapte for husbygging. No bur dei på Sletto i omgievnadar ho beskriv som landlege.
Ho jobbar som frilansfotograf, og mannen som røyrleggar. Dei har eit fint samarbeid innan interiør og kreativ utfolding.
— Det er eg som gjer designet og han som utfører, seier Helgesen.
Svaret på kvifor ho driv så mykje med dette kjem lett.
— Eg har alltid likt interiør, fargar og kombinasjonar. Stilen min har blitt slik etter kvart som eg har vakse opp, seier Helgesen.
Kva dei lagar varierer, og i nokre tilfelle kjem det særleg barna til gode.
— Eg teikna ei minihytte til minstemann som står på rommet hans. Hytta skal no i ByggMax sitt blad fordi dei likte den så godt, seier ho.
Haustar frå naturen
For ein som er oppteken av Cabincore, er det å bu langs vestlandskysten ei gåve. Helgesen nyttar mykje ho finn i nærområdet.
— Me finn mellom anna drivved som har kome etter ein storm, seier ho.
Heile familien skal ut å leita saman etterpå. Dei ser etter noko til ei hylle. Ho meiner at å bruka såkalla råvarer til interiør gjer det til noko ekstra kjært, og at ein lever meir etisk.
— Eg føler veldig på å ikkje bidraga til overforbruket som har vore. Når du har henta frå naturen, så har du eit minne frå då du henta det. Då er det mykje større sjanse for at det vert ståande, og at du ikkje byter det ut grunna at du er lei, seier Helgesen.
— Så du skapar eigen affeksjonsverdi?
— Ja, det er akkurat det. Etter at min mormor døydde for eit år sidan, tok eg med halve huset hennar heim. No har eg møblane hennar, og dei kjem eg alltid til å ha hos meg. Dei vil eg behalda, seier ho.
Helgesen peikar på at etisk interiør ikkje går på kostnad av kor fint det vert.
Ein kan arva mykje, ein kan finna mykje utandørs, og ikkje minst så har ein gjenbruk. Mange tilsynelatande slitne møblar kan fort verta flotte igjen.
— Det skal ikkje så mykje til. Då sparar du både pengar og miljøet, seier ho.
Sjølv kjøpte ho nyleg ein brukt pult som ho skal restaurera, når ho får tid.
Ein ny måte å dokumentera
Kvifor ho har enda opp med to Intagram-kontoar med fleire tusen følgarar, har fleire årsaker.
Som fotograf vil ho visa bileta sine. Og det er kjekt å dela interessene sine på sosiale medium, både fotografi og interiør.
Samstundes er Helgesen del av ein ny trend, der ein konto på eit sosialt medium erstattar eit fotoalbum. Slik forklarar ho interiør-kontoen sin.
— Det var for å sjå framgangen då me bygde hus, og på ting me gjer no. Det er fint å ha noko å kunna sjå tilbake på, seier ho.
Sosiale medium gjer det også enklare å finna liknande ting ein er interessert i, eller vert inspirert av.
— Det er eit godt verktøy når ein byggjer eller pussar opp, seier ho.