bygg og bu
Håpar mange kan tenkja seg å byggja på nytt byggjefelt
Det rører seg i Sveioåsen, her kjem eit heilt nytt bustadfelt med superutsikt og kort veg til det meste.
I det nye bustadfeltet er det regulert 25 tomter for oppføring av einebustader som kan innehalda sekundærbustad. Tomtene er frå omlag 630 m2 til 940 m2.
Ifølgje kommunalsjef Kenneth Tollefsen har kommunen alt fått fleire førespurnadar om feltet, noko han håpar gjev signal om at mange kan tenkja seg å busetja seg her. Dette er også ordførar Linn Therese Erve sitt ønske og håp.
– Me vil svært gjerne at folk skal flytta tilbake til Sveio, og det nye feltet i Sveioåsen håpar me sjølvsagt kan medverka til at så skjer. Det er mange som seier at det er svært fine og attraktive tomter her, med nærleik til både turområde, skule og barnehage, ja, alt ein treng eigentleg, nikkar Erve.
– Ja, det er skikkeleg bra! Bustadane vil liggja fint i terrenget med ulik høgde, påpeikar Per Riise, prosjektleiar drift og anlegg i Sveio kommune.
Stort oppdrag
Vats Anlegg AS, som står for opparbeidinga, starta arbeidet i august 2020. I forkant av dette var det lagt til rette for straum og innkøyrsle til feltet. Totalkostnad 20 millionar kroner.
Ifølgje kommunalsjef Tolllefsen er salssum for dei ulike tomtene ikkje avklara enda. Dette vil bli lagt fram for politisk handsaming våren 2021. Tomtene vil bli lagt ut for sal utan byggjeklausul mot konkrete byggefirma. Kjøpar vil såleis stå fritt til å velja kven som skal byggja hus på tomta.
– Me planlegg å ha med vilkår som gjev kommunen moglegheit til å kjøpa tomter som ikkje vert utbygd tilbake, opplyser Tollefsen.
Utfordrande terreng
Ifølgje prosjektleiar Riise har det bratte terrenget gitt utfordringar. Han fortel det har vore mykje sprengingsarbeid, i tillegg til ein del naudsynt sikringsarbeid grunna dårleg fjell. Nedre kant er byggjefeltet er sikra med gjerde grunna bratt skrent. Kuldeperioden sette også ein liten brems, men ikkje verre enn at dei reknar å koma i mål til rett tid.
At det har vore utfordringar undervegs blir bekrefta av prosjektleiar ved Vats Anlegg AS, Sigbjørn Gjellestad.
– Ein noko unormal vinterkulde har gitt oss verkelege utfordringar med å halda prosjektet i rute, men med god prosjektstyring frå Sveio kommune og flinke fagfolk, har dette gått svært bra, seier Gjellestad.
Arbeidet med det nye kommunale bustadfeltet skal etter planen vera ferdig til 1. juli. Sprengingsarbeidet og det meste av uttak av massar er unnagjort. Leidningar og røyr for vatn, kloakk og straumkablar ligg for tida i opne gater. Hovudtrassen skal til slutt dekkast til med masse, og bli til ein lyssett turveg som vil kopla feltet saman med Leitevegen.
Status kommunale tomter
Ifølgje kommunalsjef Tollefsen har det vore fleire bustadområde som er ferdig regulerte i Sveio. I tillegg er det mogleg å byggja i andre område kor det er gjeve opning for dette (LNF-spredt til dømes).
Sveio kommune har tomter for sal i ulike delar av kommunen. I dag er det 15 tomter som er ledige.