bygg og bu

Torkel Hamre har solcellepanel på to sider av hustaket.
Torkel Hamre har solcellepanel på to sider av hustaket.

– Godt nøgd med solcelleanlegget

– Jo, eg er nøgd med solcelleanlegget sjølv om straumprisane har gått ned sidan me installerte. Men eg vil føla meg lurt dersom styresmaktene innfører skatt på sal av straum frå private solcelleanlegg, seier Torkel Hamre.

Publisert Sist oppdatert

Han og kona Gunnlaug bygde nytt hus i Steinhaugvegen i Sveio sentrum i 2018, og tenkte alt den gongen på solcellepanel. Men det var først då straumprisane gjekk til himmels i 2022 at dei gjorde tankane om til handling.

– Me fekk anlegget på plass i september det året, fortel Torkel Hamre.

Stor investering

Dei valde ein lokal leverandør, Bjelland Elektro, som hadde det beste tilbodet den gongen. Anlegget er på 19.000 kilowatt og kosta 195.000 kroner utanom offentleg tilskot på 47.000 kroner. Solcellepanela er plasserte på to sider av taket, mot sørvest og søraust. Hamre har ikkje hatt problem med skade på panela av vind og vêr, slik ein kjenner til frå andre stader.

– Kraftprisane avgjer når me har tent inn igjen denne investeringa. Eg reknar med at det vil ta rundt ti år. Prisane no er lågare enn då me installerte. Me er likevel nøgde fordi me produserer det me treng til hus og lading av bil, året rundt, seier Hamre.

11.000-12.000 kWh i året

I den store og relativt nye einebustaden ligg årsforbruket på 11.000-12.000 kilowattimar i året. Dei har ei avtrekksvarmepumpe som varmar opp vatn til vassboren golvvarme, og fyrer litt med ved på kalde dagar i tillegg – mest for kosen si skuld.

– Problemet er at avtrekksvarmepumpa har litt for liten kapasitet. Me vurderer å installera ei pumpe til, for klarar Hamre.

Hamre har valt å lagra overskotsproduksjonen om sommaren i eit skylager, og selja denne krafta når prisane er høgare. Om vinteren blir det liten og ingen straumproduksjon frå solcellepanela. Då må dei kjøpa kraft for å dekka behovet.

Mange leverandørar

Bjelland Elektro er berre ein av fleire verksemder i Sveio som leverer solcelleanlegg. Dessutan har Haugaland Kraft starta opp igjen med sal av solcellanlegg etter ein lengre pause. Stor etterspurnad og store leveringsvanskar førte i 2022 til at Haugaland Kraft stoppa salet av solcelleanlegg til private bustadhus. På nyåret har dei starta opp igjen, men på andre økonomiske vilkår enn sist.

– No har me ingen problem med å skaffa nok anlegg. Ventetida for å få montert eit privat solcelleanlegg er ein-to månader, opplyser salsansvarleg for denne sektoren i Haugaland Kraft, Andreas Bachmann.

Slutt på rentefri avbetaling

Då energiselskapet stoppa salet til private i 2022, var det eitt års ventetid. Dette hadde samanheng med lange ventelister, men også problem med å få tak i nok solcelleanlegg frå Kina. Den gongen hadde også Haugaland Kraft ei svært gunstig finansieringsordning, med rentefri nedbetaling over fem år via straumrekninga.

– Dette er for kostbart for oss med det rentenivået me har i dag. No tilbyr me avbetaling med seks prosent rente, seier Bachmann.

To løysingar

Haugaland Kraft og fleire andre energiselskap tilbyr to alternative løysingar for handtering av overskotskraft. Eigarane av solcelleanlegg kan anten lagra overskotskrafta i skybatteri og ta ut denne krafta til eige bruk i periodar med høgare forbruk og lågare produksjon.

Dei fleste kundane vel skybatteri. Det andre alternativet er å selja overskotskrafta til spotpris. Kundane må velja det eine eller det andre, dei kan ikkje veksla mellom dei to ordningane, seier Bachmann.

Powered by Labrador CMS