Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
bygg og bu
Gode råd for planting av blomar og prydbuskar
Me har spurt dagleg leiar ved Sunnhordland Planteskule kva praktiske råd ho vil gi til hage- og huseigarar som vil planta blomar og prydbuskar denne våren.
– Førebu jorda til å ta imot nye planter. Jorda i blomsterbed eller grønsakssenger må løysast og luftast, gjerne ved bruk av spade, greip eller annan hagereiskap, seier Grethe Lier Alne.
Som gjødsel ved planting tilrår ho bruk av kukompost, som ein kan kjøpa på hagesenter og liknande butikkar.
– Seinare i vekstsesongen kan ein spe på med fullgjødsel. I krukker og potter er det smart før planting å byta ut gamal jord med ein del ny jord, seier Alne.
Heimeprodusert gjødsel
Ho deler også oppskrifta på heimeprodusert nitrogengjødsel laga av brennenesle.
– Ei effektiv gjødsel, kanskje spesielt for georginer, seier Alne, som legg til at det krev litt tid og planlegging å laga ei slik gjødsel:
– Plukk ca. 1 kilo brennenesle før dei byrjar å blomstre og legg dei i ei ti-liters bøtte med vatn. Legg lokk på og lat dette stå i om lag 14 dagar. Rør om innimellom. Etter desse vekene silar du frå neslemassen og gjødsla er klar. Blandingsforhold 1:10, 1 del gjødsel og 10 deler vatn.
– Obama verre enn brunsnigelen
Hageeigarar og heile plantebransjen fryktar for import av ein skadegjerar, som kan bli ei verre plage og ei større utfordring enn brunsnigelen.
Obama Nungara heiter den, er komen til Sverige og er til stor plage i Tyskland og Danmark.
– Den daudar ikkje om den blir klipt i to, men lever vidare som to individ. Den må regelrett drepast, seier Grethe Lier Alne.
Ho legg til at den frykta skadegjeraren er som eit rovdyr og et opp både meitemark og sniglar.
– Ettersom den er oppdaga i Sverige, er det stor fare for den også er komen til Norge. Men førebels er ikkje den såkalla Obama-snigelen påvist her i landet, seier Alne.
Ho legg til at styresmaktene oppmodar alle til å vera på vakt og melda frå om dei oppdagar noko.
Slik melder du frå om Obama-funn.
Flat, bladliknande kropp
Den liknar brunsnigelen, men er eigentleg ingen snigel, men ein flatorm som stammar frå Sør-Amerika og har spreidd seg til Europa gjennom hageplanter og jord.
Namnet «Obama» kjem ikkje frå den tidlegare amerikanske presidenten Barack Obama, men frå det brasilianske språket Tupí, der «oba» betyr «blad» og «ma» betyr «dyr», altså «blad-dyr», på grunn av flatormen sin flate, bladliknande kropp.