bygg og bu

Byggestart på nytt bustadfelt

I desse dagar startar bygginga av det første huset på Viksefjorden bustadfelt like ved Vikse skule. Feltet skal gi plass til 16 einebustader og to tomannsbustader, til saman 20 bueiningar.

Publisert Sist oppdatert

– Tre av tomtene er selde, og det før me har kome skikkeleg i gang med marknadsføringa, seier utbyggjarane Hilde og Roald Urnes.

Roald Urnes legg til prosjektet deira etter hans meining er den største private bustadbygginga i Sveio på mange år.

Kjøpte småbruk

Gabriel Garvik i Garvik Gruppen legg til at dei er i konkrete samtalar med to-tre aktuelle huskjøparar. Det er Urnes gjennom selskapet Viksefjorden AS som har utvikla feltet for bustadbygging. Garvik Gruppen står for arkitektarbeidet og sjølve husbygginga.

Det 25 mål store området er ein del av småbruktet  ekteparet Urnes kjøpte for tolv år sidan. Her har dei bygt nytt hus til seg sjølve og skilt ut nokre få enkelttomter før dei gjekk i gang med reguleringsarbeidet for sjølve bustadfeltet.

– Me har tatt oss god tid. Reguleringsplanen var ferdig for eit par år sidan, fortel Roald Urnes.

Han reknar med at heile feltet skal vera ferdig opparbeidd og tilrettelagt med internt vegnett, lys, leikeplass og så vidare innan hausten 2025. Grunnlagsinvesteringane reknar han då med vil koma opp i 20 milllionar kroner.

Utsikt mot fjorden. Huset til venstre er frå 1980-talet. Tomta til huset til høgre er selt av Hilde og Roald Urnes, men før dei starta arbeidet med sjølve bustadfeltet.

Frå 3,6 millionar

Tomtene på feltet er relativt store. Tomteprisane vil variera frå rundt 650.000 og oppover . Nøkkelferdige bueiningar vil kosta frå 3,6 millionar kroner og oppover.

– Alle bustadene på feltet er planlagde for husbankfinansiering, fortel Garvik.

Dei teikningane som ligg føre i dag, viser moderne bustader med falte tak og eit einskapleg preg som dei håpar huskjøparane vil velja. Men den enkelte huskjøpar vil få stor fridom til å velja, understrekar dei tre utbyggjarane.

Feltet er sør- og vestvendt. Frå dei fleste husa vil ein få god utsikt til fjorden, andre mest til naturområde i vest. I nord grensar feltet til eit stort friluftsområde som mellom anna omfattar Vavatnet.

– Me har prøvd å ta vare på mest mogleg av naturen, fortel Hilde Urnes og viser til ein kolle midt i feltet som skal bli natur-leikeplass.

Denne haugen, til høgre for dumperen, skal bli natur-leikeplass for barna.

Manglar tilgang til sjø

Utbyggjarane reklamerer med mykje sol og god utsikt, kort veg til Haugesund og ikkje minst nærleiken til barneskulen.

Her kan foreldra løfta barna rett over steingjerdet om dei vil og senda dei rett bort til skulen sin hovudinngang, seier Garvik for å illustrera den korte avstanden.

Trass i nærleiken til Viksefjorden kan ikkje utbyggarane tilby båtplassar til dei som vil etablera seg på feltet. Det ser ikkje Roald Urnes som noko stort problem.

– Me tenkjer ofte at båtplassar og tilgang til sjø er eit viktig salsargument, men det viser seg at etterspurnaden etter dette er mindre enn ein skulle tru, seier han.

Lokal entreprenør

Det er sveiofirmaet Geir Flatnes AS som  står for opparbeiding av bustadfeltet på Vikse. Under opparbeidinga av feltet har utbyggarane også hatt godt samarbeid med Vassbakk & Stol.

– Vassbakk & Stol held på med opparbeiding av nytt Rophus-kryss på Ekrene. Der har dei fått ein del oveskotsmasse som dei har levert til oss. Det har vore til nytte for begge partar, seier Roald Urnes.

Utbyggarane, f.v. Hilde Urnes, Roald Urnes og Gabriel Garvik inne på feltet, der dei via telefonen orienterer seg om status for arbeidet akkurat no.
Powered by Labrador CMS