bygg og bu

Bygger vidare på farsarven

Då Britt Helen Kallevik Grutle utdanna seg til byggingeniør var det ikkje gitt at ho skulle ta over faren sitt livsverk. No leiar 58-åringen Sveio Byggsenter på fjortande året.

Publisert Sist oppdatert

Sveio Byggsenter AS, eller Byggi Sveio som dei profilerer seg som no, kan feira 35 år i år. Verksemda var ein av dei første som etablerte seg på næringsområdet på Hanaleite i Førde, og held framleis til der.

Verksemda har fleire bein å stå på. I tillegg til at dei tilbyr prosjektering og levering av nøkkelferdige hus, er tømrarane deira stadig engasjerte med både tilbygg og rehabilitering av bygningar. Og med eiga trelastavdeling og ein liten byggvarebutikk, som tilbyr alt frå skruar til maling, bidreg alt til at omsetnaden har lege på rundt 10 millionar kroner dei siste par åra.

Det er Britt Helen Grutle Kallevik som er dagleg leiar og eigar. Ho viser Vestavind rundt i lokalet. Først tek ho oss med til teiknebrettet, som fyller nesten ein heil vegg på eit kontor i andre etasje.

— Det er her eg trivst best, smiler 58-åringen, som er utdanna byggingeniør og elskar å teikne hus.

I neste augeblink svingar ho seg forbi ei hylle i første etasje, fylt med både verktøy og varmeomnar, før ho opnar ei dør og viser veg inn til trelastlageret. Der er hyllene fylt opp med plankar, gipsplater, isolasjon, takrenner og alt anna ein treng for å sette opp eit hus.

— I tillegg til ordinært utsal, er dette lager for våre eigne prosjekt, fortel ho.

Det einaste ho ikkje har i hyllene er vindauge.

— Det bestiller me om nokon treng, seier ho.

Pappa sitt livsverk

Britt Helen overtok drifta etter at faren Gerhard Kallevik gav seg i 2009. Då hadde han brukt litt over 20 år på å bygge opp si eiga verksemd, som han etablerte i 1988. Han gjekk bort i 2014, 74 år gamal.

— Pappa var tømrar og jobba for eit Karmøy-firma som såg det fornuftig å ha ei avdeling i Sveio. Det tok ikkje så lang tid før han overtok alt her sjølv, fortel ho.

Det var ikkje skrive i stein at Britt Helen skulle ta over faren sitt livsverk då ho utdanna seg til byggingeniør i Stavanger. Ho tok jobb i ei anna verksemd det første året etter at ho var ferdig utdanna. Men ikkje lenge etter passa det seg likevel slik at ho vart tilbydd ei stilling i faren si verksemd.

Også mor hennar, den pensjonerte, men stadig like aktive og samfunnsengasjerte Hjørdis Kallevik (81), jobba også i familieverksemda den gongen.

Det er Britt Helen sjølv som tek seg av teikning og prosjektering på oppdrag frå kundane. Det einaste ho ikkje gjer, er å snikre. Det tek dei erfarne og lokalt busette tømrarane ho har tilsett seg av.

— Utan dei hadde me nok ikkje kunne drive verksemda med base her i Førde, seier ho.

Set preg på bygda

Opp gjennom åra har Sveio Byggsenter sett opp mange hus i distriktet. Ikkje minst i Førde, kor dei mellom anna hadde mange oppdrag då bustadfelta Solheimslia og Lauvneset vart bygd ut. Også i Førde sentrum har dei hatt mykje å gjere. Mellom anna Lensmannstunet, og dei siste åra i Leirskarvegen, kor dei har set opp både ein firemannsbustad og tre einebustadar. Sistnemnde var eit prosjekt som fekk ekstra merksemd, sidan det var første som braut med tradisjonell byggjestil i Førde sentrum.

For her er det ikkje snakk om hus tradisjonelle saltak, men ei stor hellande takflate, og elles eit meir moderne uttrykk med store flater og rette linjer alle vegar. Britt Helen og mannen, Kjell Birger Grutle, bur sjølv i det eine nye huset, og mora er nærmaste nabo i ein av dei andre nye bustadane.

Når ho ruslar rundt i Førde sentrum saman med Vestavind, lyser auga hennar opp litt ekstra.

— Det er litt artig å tenke på at ein har bidrege til utviklinga, seier ho, og peikar ut kva bygningar verksemda hennar har set opp.

Og fleire er på veg. Dei har mellom anna ei tomt like vest for Joker-butikken som skal utviklast.

— Me har ein interessent som har meldt seg, og håper å kome i gang med bygging av ein einebustad der i løpet av året, fortel ho.

Litt roligare

Sveio Byggsenter opplevde høg aktivitet under koronapandemien. Då folk ikkje kunne bruke pengar på å reise på ferie, var det mange som nytta høvet til å pusse opp. No har det roa seg litt på den fronten. Når det kjem til nybygg bidreg renteauke og prisstigning til lågare etterspurnad.

— Me har merka det, men eg er ikkje spesielt uroa. Me skal nok klare oss. Bygningar må jo haldast ved like, og det er noko som gir oppdrag til denne bransjen, seier ho.

Den siste tida har dei dessutan merka større interesse for etterisolering, noko som er lett å sette i samanheng med auka i straumprisane dei siste åra. Det handlar om både nye vindauge og etterisolering.

— Typiske hus frå 80-talet har til dømes ikkje så mykje isolasjon i tak, men meir kaldloft. Og nettopp isolering av den type tak er mellom oppdraga me får no for tida, fortel ho.

Powered by Labrador CMS