bygg og bu

Nå er huset restaurert:

– Betre enn nokon gong!

Ekteparet Tove Austreim Jacobsen og Bernt Hilmar Jacobsen har brukt all si fritid i 2 1/2 år på restaurera huset etter hennar besteforeldre i Sveio sentrum. «Gamlahuset» hadde stått til nedfall i fleire ti-år då dei tok tak. No kan alle sjå kor flott det har blitt!

Publisert Sist oppdatert

Så snart du trør over dørstokken og bevegar deg rundt i det rundt 180 år gamle huset, trer historia fram – du er tilbake i gamle dagar. Alle ting i huset har si eiga historie.

Stilen er gjennomført til minste detalj; noko har stått i huset frå før, men det aller meste er kjøpt brukt. Alt av moderne komfort er skjult og tilpassa.

Atmosfæren er bevart

Når me spør huseigarane Tove Austreim Jacobsen og Bernt Hilmar Jacobsen om kva dei er mest nøgde med får me dette svaret:

– Me leita ganske lenge etter ein slik raud sofa, men plutseleg ein dag dukka den opp og dét med originalstoffet bevart, fortel Tove Austreim Jacobsen og Bernt Hilmar Jacobsen. Både sofa og bord gjenspeglar 40-tals møblar. Taklampa har tilhøyrt Tove sine besteforeldre på farssida i Haugesund. På veggen Tove sine tippoldeforeldre frå Ulvebne.

– Heilskapen, atmosfæren, og at me har klart å vekka til live sjela til huset, og som eigentleg er betre enn det nokon gong har vore. Me er også nøgde med at me ikkje har øydelagt huset med nye vindauge, og at ikkje alt skulle vera beint.

Tid og tålmod

Dét at dei har klart å behalda ekteskapet gjennom ein lang restaureringsperiode var heller ikkje sjølvsagt. Ifølgje huseigarane er det nemleg ikkje å anbefala til kven som helst å ta i ferde med ein slik stor jobb, ein må vera einige om interessa, og det å jobba saman. I tillegg må ein ha ein stor dose tålmod.

– Me visste vel ikkje heilt kor mykje arbeid det var, men hadde ikkje noko tidsperspektiv, måtte berre ta den tida det tok, nikkar Tove som har lagt heile si sjel i innreiinga og interiøret, og hatt eit forbruk på bøttevis med maling.

Bernt Hilmar har stått for all innvendig snikkararbeid, inkludert kjøkeninnreiinga. Utvendig har han lagt tak, montert vindskiene og listverk.

Ny grunnmur

Til vindaugsreparasjonen fekk dei midlar frå Sveio kommune, men fekk avslag frå Kulturminnefondet til restaureringsarbeidet elles på huset.

Kjøkkenet er heilt og fullt eigendesign, med mange små finurlege finessar.

– Grunnmuren var på veg ut, me måtte gjera noko radikalt. Det var jordkjellar i eine enden, me bestemte oss for å grava vekk alt. Huset stod og svevde på støtter ei stund, mens me fekk laga ny grunnmur og støypa plate. I same slengen blei det lagt varmekablar i golvet.

– Det var ei god løysing, då har me varme på huset, og det kan bevarast på ein god måte med tanke på at det framleis finst litt mott att, forklarar Bernt Hilmar.

Tømra redda huset

Garden blei utskilt i 1839, men det er ikkje kjent kva tid huset blei bygd. Ein teori er at det kjem frå eit hus som var delt i to og flytta frå Mølstre. Det har skjedd ei oppussing på huset før krigen, i isolasjon i taket er det funne aviser frå 1930-talet. Utan den tømra stova hadde huset vore tapt. Alt det andre var i så dårleg forfatning at det måtte skiftast ut.

Ingen treng springa på utedoen lenger. I kammerset er det nå toalett, og i kranane både varmt og kaldt vatn. Varmtvasstanken er skjult bak panelet.

«Litlaståvo» er integrert i kjøkkenet, som nå har blitt det største rommet i huset.

Dei gamle vindauga i «Gamlahuset» er restaurert, og kan igjen opnast som før i tida.

På skeiva

Huseigarane fortel at dei har vore bevisste på byggja like skeivt som det var i utgangspunktet. Men for Bernt Hilmar, som til dagleg jobbar med design, var dette nytt og uvant.

– Ja, eg er litt nøye på ting, så det var litt vanskeleg koma inn i det, men no har eg skifta meining, skulle eg jobba med noko anna, må det vera dette, fastslår han.

– Det såg håplaust ut!

– Kva var det verste i husprosessen?

– Det verste var vel då det stakkars huset stod på stylter og utan tak, det såg håplaust ut. Men me visste at det ville bli mykje verre før det skulle bli betre. Me såg også litt svart på det då me måtte riva ned mykje av pipa fordi teglsteinen var oppsmuldra, vedgår huseigarane.

Dei har nytt hus like i nærleiken og ønskjer å bruka gamlehuset som ei ekstra stove for seg og dei to døtrene sine.

– Me har ei historie her og ønskjer å ta vare på huset. For meg har det vore ein draum i mange år og nå er det endeleg ein realitet. Heldig er eg som har ein handyman, smiler Tove Austreim Jacobsen.

Gode hjelparar

Verksemda Snekker Ness har vore engasjert i restaureringsarbeidet.

– Det er eit svært krevjande og omfattande arbeid og kunne ikkje vore gjennomførbart utan velvilje frå eigarar og Sveio kommune, uttalte Rune Ness, dagleg leiar i Snekker Ness til Vestavind i innspurten av restaureringsarbeidet. Han trekte også fram involverte som Tjoland Graveservice, Tørresdal Forskaling, Rørlegger Thuestad og Bagne Elektro, som har utført ulike arbeider på plassen.

Andre som har vore involverte er Bjørn Arve Lunde, bygningsvernskonsulent ved Fylkeskonservatoren/Sunnhordland museum og Ellen Tveit, ansvarleg for kulturminneplanen i Sveio kommune.

Powered by Labrador CMS