bygg og bu

Asbest får framleis konsekvensar for helsa til folk – trass i at det er 40 år sidan stoffet blei forbode å bruke i bygg. Foto: Krister Sørbø / NTB/ NPK
Asbest får framleis konsekvensar for helsa til folk – trass i at det er 40 år sidan stoffet blei forbode å bruke i bygg.

Asbest drep mange, sjølv 40 år etter totalforbodet

NHO Byggenæringen åtvarar mot at asbest framleis får konsekvensar for helsa til folk – trass i at det er 40 år sidan stoffet blei forbode å bruke i bygg.

Publisert Sist oppdatert

Kreftforeningen anslår at talet på døde per år som følgje av asbest er 150 personar.

– Vi har mange eldre bygg i dette landet, som blir restaurerte og renoverte kvart år. Ikkje alle som tek på seg slike rivnings- og renoveringsoppdrag er kjende med at asbest var eit vanleg materiale å bruke i ulike delar av bygg heilt fram til 1985, då det vart totalforbod mot bruk, skriv Anita Hegg, advokat og HMS fagsjef i NHO Byggenæringen, i eit debattinnlegg i avisa Nationen.

NHO byggjenæringa, Norsk Arbeidsmandsforbund, Fellesforbundet og staten ved Arbeidstilsynet vil få asbest høgare på dagsordenen gjennom eit nytt bransjeprogram. Gjennom programmet kan bedrifter som jobbar på område der asbest utgjer ein fare, søkje om midlar til både kunnskapsløft og utstyr. Alt for å eliminere faren for sjukdom på kort eller lenger sikt.

– Det er eit arbeidsgivaransvar å gi opplæring til dei tilsette. Dette er nedfelt i arbeidsmiljølova. Vi har grunn til å tru at kunnskap blant arbeidstakarar i bedriftene ikkje er god nok på dette området, samtidig som renovasjon av eldre bygg aukar som følgje av miljøomsyn og at nordmenn likar å pusse opp, skriv Hegg.

Powered by Labrador CMS