bygg og bu
Andreas (33) har spesiell omtanke for eldre bygg
I sommar tok Andreas Ekrheim det naturlege steget og starta opp eige føretak i byggebransjen. Firmaet påtar seg alt frå nybygg til restaurering og rehabilitering, og har særleg godkjenning for å jobba med bevaringsverdige byggverk.
I fjor var tida inne for tømraren Andreas Ekrheim (33) for å starta opp for seg sjølv. EToK heiter føretaket, bokstavane står for Ekrheim tre og konstruksjon. Basen er i Auklandshamn, der han har bygd hus i tradisjonell stil til seg og familien.
– Korleis ser huset til tømraren ut?
– Det er tradisjonelt utvendig med skifer på taket, men moderande innvendig. Me har massive treveggar, vassboren varme, smarthus-belysning og vedkjele i kjellaren, fortel Ekrheim. Oppvarmingsløysingane er støtta av Enova, det gir også rimelegare huslån.
Som eit lite sidespor kan han stadfesta at straumrekninga har blitt høgare for dei også denne månaden, men generelt tar vedfyringa av for ei halv straumrekning – og ved har dei god tilgang til.
Kjekt med prosjekt
Då Vestavind møter Ekrheim, har han brukt føremiddagen på å skifta vindauge på eit hus i Ølen, og ein lås i Skjold. Det har til no vore jamn tilgong på jobbar. Tømraren har alt ført opp nokre bygg i bygda si, forutan eigen bustad. Eit uthus i tradisjonell kyststil på Øklandsnes, og ein lagerhall i sjøkanten på same nes.
– Eg påtar meg alt av arbeid, stort og smått, men større prosjekt er kjekt, medgir 33-åringen, som også har bygd ein garasje i Skjold, og held på med å prosjektera og skriva søknad for eit hus i Stavanger.
– Eit bibliotek er teikna og produsert i eit heilt rom, og eg held på med ei stove som skal innreiast og pussast opp. Eg har vore ganske heldig, og har hatt mykje å gå til frå starten av, seier Ekrheim om dei første månadane som sjølvstendig næringsdrivande.
Innhaldsrike dagar
Han har vore på arbeidsplassar med fleire hundre mann i sving på det meste, men saknet etter kollegaer har ikkje gitt seg til kjenne, sjølv om arbeidsdagane er annleis og mindre sosiale. Dagane blir fylt opp med jobb, familie og skule.
– Eg har ein god del venner i bransjen. Eg går også på skule, der får eg mykje fagleg påfyll, og møter mange i same situasjon, som ønskjer vidareutdanning og er nysgjerrige. Me diskuterer i lag, og kjem fram til gode løysingar, seier Ekrheim, som har skule seks veker årleg. Den siste tida har det vore nettbasert undervisning.
Ingeniør
Erfaringa si har han frå to firma, Byggmester Sagen i Stavanger, og Engelsen Bygg som har base i Sveio. Han er godt van med store byggeplassar, og har mellom anna vore med på å jobba på leilegheiter, psykiatrisk sjukehus, rehabilitering av einebustadar, sjukeheim og barnehage.
Småbarnsfaren tar nettstudium på deltid for å bli byggingeniør. Han har eitt år igjen av studiane på Fagskolen i Hordaland.
– Då kan eg prosjektera meir, og teikna. Det er greitt å ha kunnskapane på plass om ein skal bli større og tilsetja folk, seier tømraren, som kan kalla seg fagskuleingeniør etter endt utdanning.
Eldre bygg
Frå arbeidet i Stavanger har han opparbeidd seg god erfaring innan arbeid med rehabilitering av eldre bygg. Dette er arbeid han kan og likar spesielt godt.
Når det kjem til faglege saker, er han elles glad i det som byr på litt utfordringar, slik som konstruksjonar, der ein må tenka og rekna seg fram til dimensjonar og dei rette løysingane.
– Har du tips til dei som tenker å starta for seg sjølv?
– Ein bør ha litt oppdrag før ein startar opp, men det er også viktig å ikkje seia ja til for mykje. Det er greit at ein forstår seg litt på økonomi, eg må til dømes prisa jobbar, fakturera og gjera innkjøp. Det er viktig at rekneskapen går i balanse.