yrke og utdanning
Yrkesfag står høgast i Sveio
Trenden er at stadig fleire vel yrkesfag som utdanningsveg. Landssnittet ligg på 50 prosent, men ved Sveio ungdomsskule vel 60 prosent av 10. klassingane yrkesfag som vidare utdanning.
– Søknadsfristen er 1. mars, og ikkje alle har bestemt seg. Likevel ser det ut til at fleire enn i fjor kjem til å søka yrkesfag. TIF, teknologi- og industrifag, og helse og oppvekst er dei mest populære, seier rådgivar Sverre Halleraker.
Det er stor etterspurnad etter fagarabeidarar, og begge studieretningane gir moglegheiter til å bygga på utdanninga i ulike retningar som etter kvart kan enda med høgare utdanning.
I vinden, men ikkje i Sveio
Halleraker er litt overraska over at få ser ut til å velja ei yrkesretning som er veldig i vinden elles i landet: informasjonsteknologi- og medieproduksjon.
– Informasjonsteknologi er på veg inn over alt, og bedriftene er stadig på jakt etter lærlingar med bakgrunn i dette faget, seier han.
Sveio skule startar allereie i 8. klasse med å førebu elevane på valet dei skal gjera i 10. klasse. Utdanningsval er eit fag elevene har ein time i veka. Arbeidslivserfaring er eit alternativ for dei som ikkje vel språk som valfag vidare. Og elevane har både jobbingskygging og jobbdag i 9. og 10. klasse.
Stort kull med 85 elevar
– Me er to rådgivarar som deler klassane mellom oss, og det er ein stor fordel å følgja dei frå 8. klasse. Då blir me godt kjente med elevane, og me er heldige og har mange positive og kjekke elevar. Det er ikkje vår oppgåve å fortelja kva me meiner dei eignar seg best til. Me skal opna augene deira for kva mogelegheiter dei har, og vera ærlege om til dømes lønsmogelegheitene i ulike jobbar.
I år er det heile 85 10. klassingar i Sveio som skal gjera eit val for vidare retning i livet. Sveio-elevane er i ein heilt spesiell situasjon: dei kan søka skule både i Vestland og Rogaland. Stord har gode skuletilbod, men dei aller fleste vel skular i Haugesund, også elevar som bur nord i kommunen.
Eit yrke ein trivst med
Ein anna viktig del av rådgivarane sitt arbeid er å formidla at det er livet som er karrieren, ikkje berre jobben.
– Det viktigaste er å finna eit yrke ein trivst med. Då blir også livet utanom jobben betre. Er ein ikkje nøgd med retninga ein har valt, kan ein endra undervegs. Alle har rett til fullført utdanning, og tidsavgrensinga som var før er tatt vekk, seier Halleraker.
Om du ser at dette yrket ikkje var for deg, har Halleraker eit veldig godt råd:
– Fullfør utdanningsløpet, og ikkje hopp av. Droppar du ut, er ofte terskelen høg for å koma i gang igjen. Ein lærer mykje av krumspringa i livet, og om første valet ikkje var heilt rett, kan du velja på nytt. Det er stadig fleire som har fleire utdanningar, og det er ein fordel i arbeidsmarknaden, seier Halleraker.