yrke og utdanning
Verftsindustrien tar inn rekordmange lærlingar
Aibel sitt offshoreverft i Haugesund er eit av landets største. Verftet har tatt inn 120 lærlingar dei siste to åra. 60 nye lærlingar kan få sjansen hos Aibel komande haust.
Ståle Christiansen, fødd og oppvaksen i Buavåg og som nå bur i Førde, er andre års lærling hos Aibel. Han skal denne sommaren ta fagprøven som platearbeidar. Christiansen har gått på lina industriteknologi i Vg2 på Haugaland vidaregåande skule i Haugesund.
Hos Aibel har han fått prøvd seg i ulike avdelingar på verftet og mellom anna vore med på bygginga av omformarplattforma Dogger Bank B, som er sidan er installert på verdas største havvindpark. Den ligg utanfor austkysten av England.
– Kvifor valde du eit praktisk yrke og læretid?
– Mange i min familie har gått same vegen. Dessutan likar eg å jobba fysisk.
– Mange mogelegheiter
Ståle legg til at han likevel har prøvd litt ulike utdanningsretningar og fag. Mellom anna har han gjennomført eit år med påbygg ved vidaregåande skule, slik at han har studiekompetanse.
– Etter fagbrev og praksis tenkjer eg å ta vidareutdanning med teknisk fagskule, seier Christiansen
Då han skulle ta til med læretida, var han fast bestemt på å søkja seg til Aibel.
– Her er det mange mogelegheiter for framtida. Hittil har læretida ved Aibel svart til forventingane. Eg har fått prøvd meg på ulike arbeidsoppgåver og er nå i prefabrikasjonsavdelinga. Det inneber mellom anna at ysme delar i stål skal pussast og slipast før dei blir skrudde på plass.
Sosialt har det også blitt kjekt å jobba hos Aibel. Her er mange unge slik at ein finn alltid nokon å klikka med, seier Ståle Christiansen.
Stor arbeidsplass
Aibel sitt verft i Haugesund er regionens største industriarbeidsplass med 1.815 tilsette. Av desse er rundt 1.100 operatørar eller fagarbeidarar. I travle periodar kan der i tillegg vera like mange innleigde operatørar.
For tida skjer det bygging og installasjonsarbeid på mange ulike prosjekt samtidig. Verftsdirektør Lars Inge Hellestveit, seier at Aibel nå har ein ordrereserve på meir enn 20 milliardar kroner.
– Over halvparten av denne reserven knyter seg til det vi kan kalla grøne prosjekt eller prosjekt som bidrar til reduserte utslepp av klimagass, seier verftsdirektør Lars Inge Hellestveit.
Dermed opnar det seg mange og varierte oppgåver også for lærlingane ved verftet.
Fadderordning
Charlotte Eikesdal kjem frå Ølen i Vindafjord. Ho går nå i lære som CNC-operatør. Charlotte kjente ingen andre ved bedrifta då ho starta.
– Men eg blei fort kjent med mange. Her er eit godt arbeidsmiljø. Me som jobbar i same verkstadhall møtes i kantina og har det sosialt i lunsjpausen.
Eikesdal nemner også fadderordninga hos Aibel som eit viktig tiltak: Kvar ny lærling blir tildelt ein fadder. Det er ein person som er fast tilsett ved verftet og som har vore fagarbeidar i minst to år.
– Min fadder er flink i faget. Eg lærer mykje av han. Fadderordninga fungerer godt, seier Eikesdal som har starta på sitt andre halvår som lærling.
Nettverk for dei unge
Silje Angler Nesheim, rådgivar i Aibel si HR-avdeling, fortel at bedrifta har skipa ei særskilt gruppe eller nettverk for dei unge, Young in Aibel. I dette nettverket blir det arrangert ymse tilbod, både i arbeidstida og på fritida for alle under 36 år.
– Då kan dei unge møtast på tvers av arbeidsplassar og fagdisiplinar, bli kjent og lære av kvarandre. Det kan vera ymse fagseminar og infomøte i arbeidstida eller sosiale tilskipingar på fritida.
– Målet er å gjera det kjekt på jobb, knyte nettverk på tvers av fagområde, få kontakt med andre unge og utvikla eit godt arbeidsmiljø, seier Nesheim.
Ho fortel vidare at Aibel brukar andre års lærlingar som såkalla lærling-ambassadørar. Dei er rundt på skular i distriktet, møter 10. klassingar og fortel korleis det er å vera lærling hos Aibel. Ståle Christiansen er ein av Aibel sine ambassadørar, som har vore rundt hos 10. klassingane.
– Det funkar oftast best når ungdom snakkar til ungdom. I tillegg har bedrifta to lærlingkoordinatorar, ein frå fagområdet elektro og ein annan som representerer mekaniske fag. Begge reiser rundt på vidaregåande skular og informerer om tilbodet vårt. Dessutan gjer desse to ein stor og viktig jobb med tett oppfølging av lærlingane, seier Silje Angler Nesheim.
Oppstartveka
Emilie Hagen Nuntun kjem frå Tysvær og starta i lære som industrimekanikar hos Aibel sommaren 2024.
– Mitt inntrykk av bedrifta og arbeidsplassen var på førehand veldig bra. Eg fekk høyra om godt arbeidsmiljø og at dei unge fekk god opplæring. Etter at eg starta her sjølv, kan eg stadfesta dette inntrykket.
Emilie Nuntun seier vidare at det er lett å bli kjent med folk på arbeidsplassen. Ho peikar mellom anna på oppstartveka, kor det blei lagt til rette for ymse felles arrangement for nye lærlingar.
Ny sjanse
Lærlingar hos Aibel hevdar at det er ein trend som gjer at fleire vel yrkesfagleg utdanning. Det gjeld også blant jenter.
Hos Aibel er det i dag totalt ni jenter blant dei 120 førsteårs- og andre års-lærlingane.
– Men talet på jenter blant søkarane aukar, forsikrar Silje Angler Nesheim.
Ho seier vidare at Aibel ønskjer enda fleire lærlingar dersom det melder seg fleire kvalifiserte søkjarar.
– Me tar nå også inn hjelpearbeidarar som ikkje har fagbrev, men som kan ta fagbrev etter nokre års opplæring og praksis. Aibel har bruk for alle med motivasjon, interesse og arbeidslyst. Det er sjokkerande mange unge som fell ut av skule og arbeidsliv. Desse treng ein ny sjanse, seier Nesheim.
Ho legg til at etter fem års praksis kan dei få høve til ta fagprøven. Dei må også bestå ein teorieksamen.
Men Nesheim understrekar at lærlingordninga er den viktigaste kanalen for rekruttering av operatørar og fagarbeidarar.
Lys framtid ved offshoreverfta
Men for tida ser det svært så lyst ut for verftet og for dei som jobbar der. To store omformarplattformer ligg ved verftet for å bli utrusta. Ei av desse skal til havvindparkar i tysk del av Nordsjøen. Den andre skal til verdas største havvindpark Dogger Bank utanfor austkysten av England.
To liknande stålstrukturar er under bygging ved Aibel sitt verft i Thailand og skal ferdigstillast i Haugesund. Begge desse skal få sin plass i havvindparken Hornsea 3 i britisk del av Nordsjøen.
Like utanfor kontorvindauga til verftsdirektør Lars Inge Hellestveit, mellom dei to plattformene til havvindindustrien, står fleire svære moduler til olje og gassindustrien.
Men det aller største byggeprosjektet skjer inne i verkstadhallen, Nordsjøhallen. Der er dei i gang med bygging av topsiden til den ubemanna prosessplattforma, Munin. Plattforma er ein del av den store Yggdrasil-utbygginga i Nordsjøen.
Hellestveit peikar også på at Aibel har omfattande ombyggings- og vedlikehaldsoppdrag ved gassprosessanlegget på Kårstø og ved LNG-anlegget på Melkøya ved Hammerfest.
Ein snau times køyring nord for Haugesund, ligg offshoreverftet til Aker Solutions med om lag like høgt aktivitetsnivå som Aibel. På Stord skal to omformarplattformer til utanlandske havvindparkar ferdigstillast samtidig som verftet sit i førarsetet for den store utbygginga av olje- og gassfeltet Yggdrasil.
I 2024 tok verftet på Stord inn 49 nye lærlingar.
Lønn og fritid
Ståle Christiansen, som er andre års-lærling, var med då Aibel hadde ansvaret for å gjennomføra eit særs omfattande vedlikehaldsprogram under driftsstansen, såkalla revisjonsstans ved gassprosessanlegget på Kårstø.
Vanleg arbeidstid for lærlingane hos Aibel er 7,5 timars dag. Iblant går lærlingane skift, dag- eller kveldsskift og iblant nattskift.
– Me har eit årshjul for lærlingar som inneber at dei skal vera innom fleire ulike avdelingar og prosjekt, seier Silje Nesheim.
Alle lærlingane hos Aibel, som me fekk snakka med, ønskjer å kunne jobba offshore. Det inneber mykje fritid og høgare lønn.
I heile læretida får lærlingane tariffesta lønn. I det første halvåret utgjer lønna vanlegvis 30 prosent av ein fagarbeidar si begynnarlønn. Men lønna vil trinnvis auka for kvart halvår opp til 80 prosent av fagarbeidarlønn.
– Fagbrevet er eit verdipapir
I tillegg til denne tariffesta lønna, kan det vanka lokale lønnstillegg. Lærlingar får også betalt for overtidsarbeid og dei får feriepengar.
– Fagbrevet er eit verdipapir du har med deg resten av livet og resten av yrkeslivet kan du bli hos Aibel, seier Ellen Tvergrov. Ho peikar vidare på at som lærling kan ein etter fagprøva jobba seg oppover i systemet.
– Her er mange jobbar og mogelegheiter å velja mellom. Dessutan er dette ein trygg arbeidsplass, seier Tvergrov. Ho starta sjølv som lærling ved verftet og er i dag seksjonsleiar i konstruksjonsavdelinga med ansvar for alle operatørane innan mekaniske fag.