yrke og utdanning
Ventar 2.500 elevar til utdanningsmesse
Onsdag og torsdag i neste veke er 2.500 ungdomsskuleelevar frå Sveio og alle dei andre kommunane i Sunnhordland påmelde til den årlege utdanningsmessa på Stord.
– I tillegg er messa open for alle interesserte. Og det kostar ingenting å koma inn, seier prosjektleiar Kurt Grundvold.
Over 70 utstillarar
Han fortel elles at opplegget i år blir om lag som tidlegare.
– Alle utstillingsplassane er utselde. Godt og vel 70 utstillarar blir med. Det er stor interesse for å vera med, seinast denne veka har me hatt førespurnad om plass.
Dei fleste utstillarane er med år etter år, men nokre nye har kome til medan andre står over dette året.
Det er Stord Rotary Klubb som arrangerer utdanningsmessa. Prosjektgruppa på seks-sju personar som Grundvold er leiar for, arbeidar året rundt med å førebu arrangementet. Under sjølve messa er rundt 30 rotarymedlemmer i arbeid. I tillegg har dei hjelp av elevane på idrettslina ved Stord vidaregåande skule til rigging og demontering.
Overskot til gode føremål
– Overskotet frå utdanningsmessa brukar me til å støtta gode føremål i inn- og utland. Derimot brukar me ikkje pengar frå utdanningsmessa til drift av klubben vår, understrekar Grundvold.