yrke og utdanning
Valde yrke innan helse og omsorg
Blant lokale verksemder som tek inn lærlingar, er Sveio omsorgssenter. Omsorgssenteret har for tida tre lærlingar. To av desse er Karoline Bua og Veronica Furevik, begge frå Buavåg.
Etter ungdomsskulen søkte begge seg til VG1 helse- og oppvekstfag ved Karmsund vidaregåande skule i Haugesund. Det andre skuleåret fekk dei plass på linja for helsefagarbeidarar.
Veronica fortel at ho lenge var i tvil om kva yrkesretning ho skulle velja. Men etter at ho i haust starta læretida ved omsorgssenteret, kjenner ho seg trygg på at rett yrke er valt.
Veronica arbeider i ei avdeling der nokre av brukarane er lettare demente, medan andre har fysiske funksjonsnedsetjingar. Arbeidsdagen går med til å yta nødvendig hjelp til brukarane, laga mat til dei, hjelpa dei opp om morgonen og leggja til rette for ei aktivitetsstund midt på dagen.
Aktivitet heile tida
– Då legg me til rette for ulike spel, kortspel og allsang. I tillegg til desse faste innslaga gjennom dagen, brukar me tid i skyllerommet med reingjering og til å leggja saman handklede og sengetøy. Dessutan dukkar det alltid opp ekstra oppgåver. Slike arbeidsdagar passar meg fint. Eg likar å vera i aktivitet heile tida, seier Veronica.
Karoline var i praksis ved omsorgssenteret både medan ho gjekk på ungdomsskulen og seinare på vidaregåande. Dermed visste ho kva ho gjekk til då læretida starta i haust. Karoline har læretida ved ei avdeling for demente. Ho fortel at ein stor del av arbeidsdagen går med til stell av pasientane og sjå til at dei har det bra.
– Eg brukar dessutan mykje tid på å snakka med pasientane. Vårt fokus er å få til best mogleg kommunikasjon, seier Karoline.
Ho fortel vidare at mange av pasientane er glade i å syngja.
– Då spelar eg piano til. Då blir det god stemning i stova.
Heimetenesta lokkar
Medan Veronica ser fram til fast jobb ved omsorgssenteret etter to år med læretid og oppnådd fagbrev, ønskjer Karoline seg jobb i heimetenesta.
– Eg vil kjenna meg litt innestengd dersom eg skal jobba på same staden heile tida. Eg ønskjer meir variasjon. Det vil eg få ved å reisa rundt i heimane til brukarane, seier Karoline.
– Kva råd vil de så gje til andre unge som skal velja utdanning og yrke?
– Den retninga me har valt, er rett dersom du er interessert i å hjelpa andre, både fysisk og psykisk, lyder det samstemt frå Veronica og Karoline.