yrke og utdanning

Stortrivst med ein variert kvardag i Forsvaret

Sveio-jenta Iselin Rossebø (19) gjer førstegangsteneste i Skjold leir i Troms. Det har blitt eit annleis år med nye erfaringar, utfordringar og opplevingar.

Publisert Sist oppdatert

Iselin Rossebø fortel ho først var svært usikker, og hadde eigentleg lyst å starta rett på studiar, men bestemte seg i siste liten om at førstegongstenesta var noko ho ville.

– Dette er trass alt ein sjanse eg berre får éin gong i livet, og ei moglegheit å koma seg vekk frå den normale kvardagen og prøva noko heilt nytt, seier den tøffe 19-åringen.

– Beskriv livet i leiren som soldat?

– Eg tenestegjer på Skjold leir i Troms, som er ein gammal leir etablert i 1950. Livet i leiren varierer frå dag til dag, og som regel er dagen ganske travel og det er mykje som skjer.

– I rekruttperioden min som varte i to månadar, var det lange fysisk krevjande dagar, strenge ordrar og hard disiplin. Etter rekrutten valde eg å bli sanitetssoldat, og kvardagen min endra seg. No består dagen min for det meste av helserelaterte oppgåver som å ta koronatestar, blodprøvar og behandling av skadde soldatar. Det er utruleg spennande og eg har fått gjennomført nokre kurs retta mot sanitet, og samarbeider med både legar og sjukepleiarar. Det er eit fantastisk samhald og miljø i leiren, me lever tett oppi kvarandre med seks stykke på eitt rom, så ein lærer å kjenna kvarandre godt.

19 år gamle Iselin Rossebø t.h. frå Sveio er soldat i førstegongsteneste og stasjonert i Skjold leir. Her saman med Vilde Stave Carlsen.

– Korleis er kombinasjonen soldatliv, korona og øvelsekald vinter?

– Me er nøydde til å følgja strenge smitteverntiltak for å unngå koronasmitte på leir, og det har fungert veldig bra førebels, og det har vore låge smittetal.

Me på Skjold er ganske «isolerte» frå omverda, noko som gjer det mogleg å sosialisera seg med fleire innanfor éin og same tropp.

– Har du lært, og opplevd mykje?

– Forsvaret har vore ei oppleving for livet eg aldri kjem til å gløyma, og som eg ikkje ville vore forutan. Førstegongstenesta har gitt meg moglegheit til å bli ein del av eit fantastisk fellesskap som har støtta kvarandre gjennom tjukt og tynt.

– Korleis var det å bæra våpen og tung sekk?

– Det å gå med sekk og utstyr på 35-40 kg har vore ei utfordring, og eg har oppdaga sider av meg sjølv eg ikkje trudde eg hadde, og pressa meg til det ytste. Eg hadde heller aldri handtert eitt våpen før, så det har vore utruleg spennande å læra seg å skyta, demontering av våpen og vedlikehald. Ikkje minst har eg opplevd naturen her i Nord-Noreg som har vore ei gåve i seg sjølv.

– Korleis blir det framover?

–Sidan eg er sanitetssoldat jobbar eg ein del døgnvakter for å vera på beredskap 24/7 viss det skulle skje ein akutt situasjon. Derfor har eg ei turnusordning med fire veker på, og to veker av. Det gir meg moglegheit til å reisa rundt i Nord-Noreg og oppleva nye byar og flotte naturen, og reisa heim til Sveio på besøk. Eg reiste nord i august, og har vore heime i Sveio to gonger.

– Har du bestemt deg for kva du skal gjera etterpå? Eventuelt ta utdanning i Forsvaret?

– Dette er spørsmål eg ofte får, og det er alltid like vanskeleg å svara på. Eg trivst veldig godt i Forsvaret, men har førebels ikkje funne ei stilling eller utdanning som eg kunne tenkt meg å halda fram med i framtida. Difor tenkjer eg å søka på studiar, men kva det blir veit eg enno ikkje, men kanskje noko innanfor forretningsjus.

Powered by Labrador CMS