yrke og utdanning

Skule til sjøs i veksande bransje

Skuleskipet M/S «Gann» har 140 elevar ombord som alle utdannar seg til ein bransje som treng dei. – Det er noko unikt med å vera her, seier Dennis Lehn (17), som utdannar seg til motormann.

Publisert Sist oppdatert

Han går berre rett på sak fordi tala er så tydelege.

– Det er enormt behov for sjøfolk, seier Karl Martin Hansen, opplæringskonsulent.

I fleire år har han jobba som bindeledd mellom skular, bedrifter og lærlingar innan denne bransjen. Noreg er framleis ein nasjon som avheng av sjøen og jobbane der, og det finst for augeblikket rett og slett ikkje nok nordmenn til jobbane.

Skule til sjøs

– Me har over 400 lærlingar og sender ut 200 i året til båtar. Framleis er det nokre plassar ledige, seier Hansen.

Viktigast av alt er at ungdomane vel eit yrke dei likar og blir verande i, og skuleskipet «Gann» er ei mogelegheit for nettopp det.

– Me prøvar å visa kva det går i, seier Hansen.

– Kva gjer ein til sjøs på eit skuleskip?

– Det er eit aktivt yrke kor du må gjera ting, det er ikkje kontorarbeid. Det er det elevane seier. For nokon er det reisa. Ein elev fekk til dømes kryssa Stillehavet to gonger i løpet av læretida. Andre snakkar om utstyret eller fellesskapet om bord, og sjølvsagt trivst mange i turnus, svarar han.

– Turnus?

– Livet «offshore» er fire veker på og fire veker av, men turnusen kan variera, seier Hansen.

Fleire søkarar enn plassar

Ungdomar flest klarar livet i turnus fint. Men om ein må vera med venar heimefrå kvar dag, så er nok ikkje yrket for deg.

– Men kva yrke innanfor bransjen utdannar skuleskipet til?

– Alle typar maritime stillingar; matros, styrmann, maskinist, skipsmotormekanikar, elektrikar, kokk. Gann har 140 elevar ombord, 30 av dei frå VG1 TIFF, 30 frå VG1 Elektro og 80 frå VG2 Maritime fag, seier Hansen.

Behovet for sjøfart vert ikkje mindre med åra. I ein stadig meir globalisert verd med handel må ein ha sjøfolk på båtane. Dei fleste elevane byrjar på båten i VG1 og er om bord i to år. Så går dei to år i lære før dei går vidare på fagskule.

– Utdanningsløpet er seks år, og dei siste ti åra har me hatt fullføringsgrad på 98 prosent om bord, seier Hansen.

Det har vorte ein bra regulert bransje ifølgje han.

– Og dei er ikkje akkurat lønstaparar, humrar han.

Samhald

Skuleskipet «Gann» har for tida tre gonger så mange søkarar som plassar. To av dei som kom inn er Dennis Lehn frå Nordland og Rasmus Braaten-Skjelbred frå Kolbotn, begge 17 år.

– Me har vore her i tre månadar. Det er veldig kjekk skulegang, du får eit nært forhold til alle og verkeleg innblikk i korleis det er å vera på eit skip, seier Lehn.

Han skal verta motormann, og Braaten-Skjelbred matros. Dei fortel om rutinane ombord, kor dei har dagar med undervisning og dagar dei er på vakt, eller jobb.

– Det er det skipsreiarane vil ha, at me veit korleis det er, legg Lehn til.

Praktisk tilnærming

Utanom undervisning eller vakt så har dei det ganske bra synest dei sjølv. Alle har kvar sin lugar, det er eit treningsrom, dei kan sjå film på storskjerm, halda «lan-party» eller berre henge saman i fleire av dei større romma. Men det er ikkje berre luksus.

Kva er det verste med å vera her?

– Masse vanskelege ord, humrar Braaten-Skjelbred.

– Mykje informasjon å ta inn på kort tid, seier Lehn.

Dei ynskte begge ein meir praktisk læring i skulen, og snakkar varmt om kor bra opplæringa fungerer.

– Når me lærer om noko utstyr så seier lærarane «ta fem minutt og gå ned og sjå sjølv kva me snakkar om». Då sit det, seier dei.

Bruk tid på å leita

Mogelegheita til å kombinera det praktiske med det teoretiske er kanskje det flottaste med heile utdanninga.

– Då lærer me på ein betre måte, seier Lehn.

– Kva er det beste med å vera her?

– Miljøet, og det å segla, svarar dei.

– Tenkjer de mykje på arbeidsliv og framtida?

– Ja, det er jo noko spanande som me vil fortsetja med. Eg har blitt hekta på dekksarbeid, svarar Braathen-Skjelbred.

– Eg vil halda fram, og er glad for å kunne gjera noko praktisk i staden for berre teoretisk, svarar Lehn.

– Kva råd bør ungdomar få før dei søker utdanning?

– At dei må søka mykje og bruka tid på å sjå seg rundt. Det var vanskeleg for meg å finna ut kvar «Gann» var og korleis det var om bord. Eg fekk høyra det tilfeldig av ein skipper under ei utplassering, seier Lehn.

– Ja, eg er samd. Det var heilt tilfeldig at skulen min drog på besøk til båten, legg Braaten-Skjelbred til.

Open for dei sju hav (og meir)

– Kva tenkjer de om å segla. Noreg eller verda rundt?

– Verda rundt! Svarar dei i kor.

Fleire gonger medan dei vert intervjua kjem andre ungdomar forbi. Nokre er i uniform som Lehn og Braaten-Skjelbred, andre er ikkje på vakt og skal ha seg ein matbit i kantina. Lehn vert hanka med av nokre jenter som treng han. Braaten-Skjelbred held fram omvisinga. På veg ut på dekk passerer han spelerommet og eit noko uvanleg syn på ein båt, eit trommesett.

– Spelar du?

– Nei, men andre likar å gjera det, svarar han.

Ute på dekk ser han hamna i Haugesund rundt seg. På berre nokre få månadar har han fått sett mange andre hamner. Stord, Bergen, Stavanger.

Det er kjekt å koma ut på dekk også. Og få gjera fortøying og slikt, seier han.

– Er det nokon stad du har mest lyst å reisa til med båt?

– Hmm, kanskje Middelhavet. Men det er mest for varmen sin skuld, svarar han.

Vil du vita meir om skuleskipet «Gann», gå inn på Et annerledes skip!

Powered by Labrador CMS