yrke og utdanning
Sveio-ungdom fortel om framtidsplanane sine:
Sjå kva og kven som betyr mest når dei skal velje utdanning
Me spurde elevar i 10. klasse ved Sveio skule om følgjande:
1. Kva utdanningsprogram skal du velja?
2. Kva eller kven har vore mest til hjelp for å koma fram til valet?
Ingrid Andrea Panayiotou
1. Eg står mellom studiespesialiserande og MDD (musikk, dans og drama).
2. Rådgjevaren på skulen, Sverre, og familien min. Eg har høyrt litt frå søskena mine og kva dei synast.
Gaute Valen Spanne
1. TIF
2. Vener og broren min.
Hannah Vestvik Hestad
1. Helse og oppvekst
2. Mamma og pappa, begge dei jobbar innan omsorg. Eg har mogelegvis lyst til å bli ambulansearbeidar.
Eskild Spilde
1. TIF.
2. Det at det gjev flest mogelegheiter. Det er fleire emne ein kan velja på TIF.
Rebekka Jespersen
1. Helse og oppvekst.
2. Definitivt mamma. Ho kjenner meg best, og ho har teke det utdanningsfaget sjølv. Ho veit at eg kjem til å lika meg der.
1. TIF.
2. Rådgjevaren Sverre, og familien min.
Morten Danielsen
1. TIF.
2. Det er det som interesserer meg, og fleire eg kjenner som går der. Fleire val der.