yrke og utdanning

Gjennom læretida hos Førde Auto har Sandra fått prøva seg på mange ulike oppgåver. Foto: Thomas Førde
Gjennom læretida hos Førde Auto har Sandra fått prøva seg på mange ulike oppgåver.

Sandra vil ta to fagbrev

Sandra Abelsen er lærling hos Førde Auto og skal om kort tid ta fagprøva i bilskadefaget. Men Sandra stoppar ikkje der. I løpet av neste år er målet enda eit fagbrev.

Publisert Sist oppdatert

Ein staseleg bil av typen BMW M5 med blå metallic-lakk køyrer inn i verkstadhallen hos Førde Auto på Hanaleite. Ut av bilen stig Sandra Abelsen. Det er ikkje ho som eig denne flotte køyredoninga, men ho skal utbetra ein skade som er vanskeleg å få auga på.

Sandra fortel at ho skal i gang med å byta trekket på innsida av ei dør i bilen.

– Fuktsperra har svikta. Der har vore dårleg tetting, fortel Sandra, som har vore lærling hos Førde Auto i vel to år. Planen er at ho skal opp til fagprøva i bilskadefaget i februar.

Vidare fortel Sandra at ho gjennom læretida har fått prøva seg på mange ulike oppgåver.

– Oftast har eg jobba med oppretting av kollisjons- og rustskadar. Men i slike jobbar inngår det også mykje arbeid som grensar inn mot fagområdet til elektrikarar. Det blir berre meir og meir elektronisk utstyr, sensorar og kablingar i moderne bilar.

Tidleg interesse for bil

Førde Auto har dessutan spesialisert seg på frontruteservice, med skifte av frontruter og reparasjon av steinsprutskadar.

Maria Tverderøy, som er avdelingsleiar for bilskade og er Sandra sin rettleiar, fortel at det i gjennomsnitt blir skifta minst to frontruter i veka ved verkstaden.

– Under slike jobbar får også Sandra gode høve til å skaffa seg erfaring med kopling, testing og kalibrering av sensorar, seier Maria.

Kvifor ønskte så Sandra seg inn i bilbransjen?

– Eg var alltid mykje i lag med far min og deltok i ulike gjeremål saman med han. Han jobba mykje med bil, noko eg også blei tidleg interessert i, seier Sandra.

Triveleg læreplass

Då ho skulle byrja på vidaregåande opplæring, valde ho TIP på VG1. Ettersom ho bur i Sagvåg på Stord, valde ho den næraste skulen, Stord vidaregåande skule. Neste skuleåret, VG2, søkte ho seg til køyretøylinja.

– I løpet av dette skuleåret var eg ute i praksis på fleire bilverkstader, mellom anna Førde Auto.

Sandra Abelsen er i gang med å byta trekket på innsida av ei bildør.

– Dette var ein triveleg arbeidsplass med kjekke folk. Difor ønskte eg å vera her gjennom læretida. Ved ein relativt liten verkstad blir arbeidsoppgåvene meir varierte og eg får høve til å vera med på mykje forskjellig. Dessutan er det fleire jenter her enn på nokon av dei andre bilverkstadene eg har vore innom. Hos Førde Auto er snart halve staben jenter, seier Sandra.

Etter bestått fagprøve i februar, er ho lova fast tilsetjing ved Førde Auto. For å kunna jobba endå meir allsidig ønskjer ho å ta fagbrev nummer to. Neste fagprøve kan truleg gjennomførast i løpet av 2027. Då kan ho i tillegg til faglært bilopprettar også kalla seg faglært bilmekanikar.

Ettertrakta fagfolk

Olav Hovland, som er dagleg leiar og teknisk leiar ved Førde Auto, seier seg svært nøgd med lærlingen, som snart skal ta fagprøva.

– Me brukar å ha ein lærling inne til kvar tid. Dette er den viktigaste måten å rekruttera nye medarbeidarar på, seier Olav.

Sandra har lenge hatt interesse for bil. Sjølv eig ho ein BMW E39.

Han seier vidare at heile bilbransjen er på jakt etter nye fagfolk og at det er hard konkurranse om dei dyktige.

– Me opplever at fagfolk, som me har lært opp fram til fagbrev, er svært ettertrakta, mellom anna i verftsindustrien.

– Det er jo eit prov på at me har dugande medarbeidarar, men me likar dårleg at verftsindustrien stel dei beste folka våre, seier Olav Hovland.

Ny trend

– For vel ti år sidan fordelte ungdommane i Sveio seg nokså likt mellom studieførebuande linjer og yrkesfag når dei gjekk over i den vidaregåande skulen. Men i Iøpet av dei siste åra ser me ei tydleg endring. Nå søkjer mellom 70 og 75 prosent av ungdommane seg til yrkesfaglinjer.

Det er Sverre Halleraker, rådgjevar ved Sveio ungdomsskule, som seier dette. Han legg til at ein god del av elvane som vel yrkesfag, går over til eit tredje år  i den vidaregåande skulen med såkalla påbygg.

– Fleire vurderer dette som ein enklare veg, og ein veg med meir variasjon og praksis fram til studiekompetanse, samanlikna med den vanlege vegen med treårig studiespesialisering.

Skilnad mellom gutar og jenter

Rådgjevaren peikar også på andre elevar vel og oppnå studiekompetanse gjennom eit påbygg-år etter at dei har tatt fagbrev.

– Dette kan vera ein farbar veg til ingeniørutdanning. Eit anna alternativ kan vera fagskule etter fagprøva.

– Er det skilnad mellom jenter og gutar når dei vel linjer i vidaregåande skule?

– Det er flest jenter som vel studiespesialiserande, og flest gutar som vel yrkesfag. Innan yrkesfag er det også skilnad, ettersom helse- og oppvekst-fag tiltrekkjer seg flest jenter, medan gutar gjerne søkjer seg til utdanningsprogram som E0lektro og datateknologi og Teknologi og industrifag. Truleg er gutar meir bevisste på kva yrke og fag som gir høgast lønn, seier Sverre Halleraker.

Powered by Labrador CMS