yrke og utdanning
– Ropar etter folk med fagbrev
64 prosent av alle tiandeklassingane på Haugalandet vel yrkesfag på vidaregåande.
– I Sør-Rogaland er fordelinga rundt 50/50, men Rogaland er samla sett det store lærlingfylket, seier rektor Kjell Inge Bråtveit ved Karmsund videreregående skole.
«Går så det grine»
Den store interessa for yrkesfag på Haugalandet, forklarar han med at det lokale næringslivet «går så det grine» og ropar etter arbeidskraft.
Mangelen på kvalifisert arbeidskraft illustrerer han ved å visa til at Aibel no for første gong på 25 år søkjer etter utfaglærte arbeidarar.
Rektor gler seg ikkje berre over den store interessa for dei faga skulen har å tilby, men også at 91 prosent av elevane fullfører utdanningsløpet med bestått.
Over målsetjinga
– Som statsminister hadde Erna Solberg som mål at 90 prosent skulle fullføra. Me ligg altså over denne målsetjinga, konstaterer han.
Samstundes er han oppteken av dei få som droppar ut, ofte på grunn av psykiske problem.
– Både for sin eigen og samfunnet sin del treng dei å fullføra ei utdanning og koma i arbeid. Tidleg innsats er viktig for å førebyggja fråfall er viktig. Mange av dei som har droppa ut, blir dessutan fanga opp av vaksenopplæringa vår, seier han.
Treng ukrainarane
I tillegg til å gi tilbod til elevar som kjem rett frå ungdomsskulen, har også Karmsund eit tilbod til vaksne som vil ta eit ekstra fagbrev, og sju innføringsklassar der dei aller fleste elevane er ukrainarar i aldersgruppa 16-22 år.
– Dette er unge ukrainarar med flyktningbakgrunn som vil satsa på ei framtid i Noreg. Og dette er arbeidskraft som landet vårt sårt treng for å møta utfordringane frå den mykje omtalte eldrebølga. Difor håpar eg dei blir, seier Bråtveit.