yrke og utdanning
Rådgjevarane fryktar fråfall og feilval av utdanningsløp
La oss slå det fast med ein gong; avgangselevane i Sveio har gått glipp av mykje. I alt dreier det seg om 82 elevar, fordelt på tre klassar, som alle om kort tid skal bestemma seg for kva utdanning dei skal peila seg inn på.
Korona-situasjonen har gjort dette skuleåret heilt spesielt. Etter nedstenginga 12. mars i fjor, har den eine viktige aktiviteten etter den andre – mellom anna Vgs- og jobbdagar, yrkesmesser og Open dag – blitt avlyst.
– Det er 10. trinnet det har gått maksimalt utover, heilt frå den tida dei skulle starta med desse aktivitetane, til dei skal gå ut. Dermed har ikkje elevane fått like godt grunnlag til å velja utdanningsprogram som tidlegare år, kommenterer rådgjevar Sverre Halleraker ved Sveio skule. Han er spent på korleis dette vil slå ut på fråfall og feilval av utdanningsløp.
Saman med kollega Elin Brit Østvik Sæ har han i ei årrekkje hjelpt og motivert ungdomar til å gjera rett yrkesval. Målet er at elevane skal klara å realisera måla sine, og at dei skal greia å fullføra ei utdanning og koma seg inn på arbeidsmarknaden. Korona-situasjonen gjer at dei i år har ei enda viktigare rolle når det gjeld å få elevane inn på rett spor.
– Oppgitt over alt dei har mista
Heldigvis har elevane vore på skulen heile hausten, slik at rettleiarane har fått møta dei på vanleg måte. Alle dei faste møta er gjennomførde, framover skal tida i stor grad brukast til registrering av søknadar.
– Korleis tek elevane det?
– Eg opplever at ungdomane har behov for å prata om situasjonen, og at dei er ganske oppgitte over alt dei har mista. Det gjeld naturlegvis ikkje berre dette med skulen, men heile ungdomstida. Det sosiale, det å vera i lag, konfirmasjon, og det og reisa og oppleva ting, fortel Østvik Sæ.
Halleraker nikkar, også han opplever at elevane er usikre og prega av situasjonen. Han meiner det er stor fare for at elevane i denne spesielle situasjonen har for tynt grunnlag når dei skal velja framtida si.
Dei har elles inntrykk av dei aller fleste elevane set pris på å vera på skulen.
Trendar for årets yrkesval
Når det kjem til elevane sine skuleval ser det ut til at 2/3-delar av Sveio-elevane veljer yrkesfagleg, akkurat som i fjor. TIP, som har hatt ein nedadgåande trend mange plassar, held stand i Sveio.
Populært er også Helse og oppvekst, her er gutane i siget. Når det gjeld TIF (teknologi og industrifag og Bygg-faga har Sveio-jentene forlengst markert seg, noko lærarane påpeikar er positivt.
Alle undersøkingar viser at foreldre påverkar borna sine, også erfaringar frå søsken har mykje å seia.
Rettleiarane er bevisste på ikkje å fortelja elevane kva dei bør velja, eller gje konkrete råd om kva som er rett val. I staden er dei oppteken av å stilla gode, opne spørsmål som får elevane til å tenkja sjølve.
Heldigvis er det heller ikkje slik at ein må bestemma seg i tiande klasse for kva ein skal enda opp som.
Eit hav av moglegheiter
Viktig å ha i tankane er at om ein først veljer yrkesfag, er det alltid mange sidevegar viss dei vil enda opp med høgare utdanning.
– Utdanning er jo berre ein basis som ein byggjer vidare på, poengerer Halleraker. Han meiner det blir berre viktigare og viktigare i framtida, at ein ikkje berre utdannar seg til eitt løp, og der skal ein jobba resten av livet.
– Denne fleksibiliteten til å kunna omstilla seg, gå nye vegar, det er eigenskapar som blir viktige i framtida, fastslår han.
Framtidsjobbar
Halleraker og Østvik Sæ slår fast at lukrative jobbar i framtida vil vera alt som har med menneske å gjera, til dømes innan helse og omsorg, undervisning, og teknologi.
– Yrkesfag forblir viktig. Me er også bevisste på å få fram alle moglegheitene ein har innan yrkesfag, og at eit fagbrev kan vere ein god basis for høgare utdanning,
– Eit siste spørsmål; kva ville rådgjevarane sjølve bli då dei gjekk i tiande?
– Eg tenkte vel at eg skulle bli arkitekt, ingeniør eller diplomat, men eg måtte nedjustera draumane mine litt etter kvart, seier Halleraker og ler.
– Eg ville bli ingeniør, men eg har hatt fleire draumar både før og etter det, seier Østvik Sæ og røper at mattematikk og naturfag var hennar favorittfag.