yrke og utdanning
Petter følgjer i pappa og bestefar sine fotspor
82 år gamle Tor G. Thuestad hugsar 1960-åra då sveibuen blei glade for å få varmt og kaldt vatn på kjøkkenet. No fiksar son og soneson, Atle og Petter, eksklusive baderom på hyttene.
No har også 3. generasjon Thuestad starta på fagbrevutdanning. Etter å ha fullført grunnkurs Vg1, byrja Petter Avaldsnes Thuestad i familieverksemda sommaren 2019, i desember 2023 skal han etter planen vera klar for fagprøva.
– Eg trivst svært godt i gjengen her, og er ute på mange kjekke og varierte jobbar, fortel 18-åringen. Hovudgrunnen til at han søkte til røyrleggjaryrket var at han hadde vore mykje med far sin og jobba, og tykte det såg kjekt ut.
Betre enn sitt rykte
– Ryktet seier at ein røyrleggar står i kloakk og stakar?
– Litt skit må ein rekna med, snu å gå heim er aldri eit alternativ, smiler 18-åringen.
Pappa Atle nikkar, han har aldri vore redd for utfordringar, noko som har smitta over på sonen.
– Det har med innstillinga til jobben å gjera. Eg har stått til godt over knea i mannskit, men så lenge eg har dusj og såpe heime gjer det meg ingenting. Er du ung og har lyst å satsa, kan det vera lurt å søkja yrkesfag. Då blir du garantert aldri arbeidsledig, fastslår Atle.
Alt for kunden
Tor G. Thuestad, var 25 år den gongen han 14. februar 1964, starta ei lita familiebedrift. Kona Tilly var både ektefelle og arbeidskamerat. Springa har dei gjort begge, både dag og kveld, og i helgane var det å få unna papirarbeid. I tillegg dreiv dei i mange år gard med mjølkeproduksjon heime på Grimstveit.
– Slagordet «Du ringer – vi springer» er velkjend, det same mottoet blir brukt også i dag, fortel Atle Thuestad. Han er andre generasjon.
Far og son tok begge meisterprøve i 1994. Då var Tor 55 år, Atle 25. I 2003 overtok sonen verksemda. Den første tida var basen heime på Krossleite, men røyrleggaraktiviteten trong meir plass og i 2005 blei det flytting til Bjelland. I 2016 blei det utviding og fasadeoppgradering av bedriftsbygningen.
Det finst knapt den husstand som ikkje har hatt besøk av dei travle røyrleggarane frå Thuestad. Verksemda har sett sitt bumerke på sanitæranlegg i mange bygg, små og store. Farfar Thuestad var med på dei første byggjefelta i Sveio, Krossleite og Fjellstad.
– Sveio kommune har vore ein god kunde for oss, fastslår han nøgd.
Korona snudde oppdraga
I fjor vår snudde marknaden nærmast over natta, grunna korona-pandemien. Det blei plutseleg bom stopp i nybygg, men like brått melde hyttefolket seg og ville ha innlagt vatn og bad på landstaden sin. Thuestad leverte – som alltid.
Den siste tida har det vore mykje tining av røyr, både i bustadhus og fjøs. Slike oppdrag får alltid topp prioritet.
Atle Thuestad skryt over teamet sitt: – Eg har alltid vore heldig og hatt gode folk rundt meg!
I dag har Thuestad seks personar i fast arbeid, og tre generasjonar er sikre på at verksemda har ei framtid, gjerne nye 60 år.
Historie frå eit røyrleggarliv
Snart 60 år med T. G. Thuestad Drift AS er tilsvarande lik lengde Sveio-historie. På mange måtar kan du lesa velstandsutviklinga gjennom røyrleggaren sitt virke.
– Du kan få ei historie av meg viss du vil, smiler Tor. Og det seier med sjølvsagt ja til:
– Me flytta til Sveio i 1963, på den tida var det ikkje kvinner i denne bransjen. Det vil seia, me hadde høyrt rykte om at det skulle vera ein kvinneleg røyrleggar i Kristiansand. Ein dag var kona mi Tilly og eg ute på ein jobb, der ein av handverkarane såg ut som han ikkje følte seg heilt bra når det var damer til stades. Til slutt gjekk han bort til Tilly og sa: «Dra deg him til grytene dine!»
– Eg får sei ho tok det som ein mann, flirer Tor Thuestad.