yrke og utdanning

Kva blir vegen vidare for tiandeklassingane til hausten? Les vidare for å finna ut kva for skule Julianne, Benjamin, Emma, Gabriel, Hanna og Vilja siktar seg inn på. Foto: Morten Vågset Møller.
Kva blir vegen vidare for tiandeklassingane til hausten? Les vidare for å finna ut kva for skule Julianne, Benjamin, Emma, Gabriel, Hanna og Vilja siktar seg inn på.

På veg mot vidaregåande: Dette vurderer tiandeklassingane

Nokre er sikre, andre står mellom fleire alternativ. Me har spurt elevar på 10. trinn om kva for utdanningsprogram dei ser for seg, og kva eller kven som har hjelpt dei å finna retning.

Publisert Sist oppdatert

Gabriel Rivenes Vihovde, 10B

– Eg har lyst til å bli elektrikar, men eg er ikkje heilt sikker på valet mitt enno.

– Det er familien som kjem til å hjelpa meg mest med valet.

Hanna Sydon, 10B

– Eg skal velja studiespesialiserande på Vardafjell vidaregåande skule.

– Foreldra mine er opptekne av at eg må velja sjølv kva eg ønskjer. Dei støttar meg, men det er eg som har tatt valet.

Benjamin Fludal, 10B

– Eg har ikkje heilt bestemt meg enno, men eg har tenkt litt på å gå sal, service og reiseliv.

– Eg skal på ein besøksdag på Karmsund vidaregåande skule, så det blir nok både spennande og avgjerande for kva eg vel.

Vilja Anderassen Håheim, 10B

– Eg trur eg kjem til å gå TIF, fordi eg vil gjera noko meir praktisk. Skulen er litt kjedeleg akkurat no.

– Eg valde det sjølv etter at eg var på open dag på Karmsund. Det verka som ei linje der det skjer mykje gøy.

Emma Halleraker Vikse, 10B

– Eg har lyst til å gå TIF med toppidrett på Haugaland fordi eg driv med riding på islandshest.

– Mamma og pappa har hjelpt meg mest. Dei har fortalt meg at det er ein god skule der eg kan få ei god utdanning, og at det kan gi gode moglegheiter vidare.

Julianne Rommetveit, 10B

– Eg vurderer studiespesialiserande på Vardafjell, men eg har ikkje heilt bestemt meg enno.

– Mamma, pappa og læraren Sverre har hjelpt meg. Eg blir nok også litt påverka av folk eg snakkar med som allereie går på vidaregåande.

Powered by Labrador CMS