yrke og utdanning
Politiet uroa over kraftig auke i ungdomskriminaliteten:
På vakt mot utviklinga også i Sveio
– Sveio er framleis ein god kommune å veksa opp i. Ungdomskriminaliteten er lågare her enn elles i landet, men trendane er dei same her som elles i landet, seir politikontakt Jostein Salemonsen.
Måndag orienterte Salemonsen kommunestyret om lovbrot og strafferettslege forhold i Sveio. Han starta med noko av det som uroar politiet aller mest, nemleg auken i ungdomskriminalitet.
Uroa over utviklinga
– På landsbasis auka ungdomskriminaliteten, altså lovbrot begått av personar under 18 år, med 28 prosent frå 2022 til 2023. Typiske trekk ved utviklinga er også at fleire at fleire av lovbrytarane er under 15 år og dermed ikkje kan straffast. Eit anna utviklingstrekk er meir bruk av vald. Også i Sveio er det tendensar til auka utagering, trakassering og trugsmål, blant anna i skulekvardagen, kunne Salemonsen fortelja politikarane.
Generelt meiner han auka individualisme både blant elevar og foreldre, og påverknad frå sosiale medier kan vera årsaker til meir uro, hets og hatefulle ytringar som også er ein del av bildet. Føresette som ikkje er til stades er også eit problem, sa han i ordskiftet etter orienteringa
Godt samarbeid i Sveio
Sjølv opplever han godt samarbeid med alle som arbeidar med ungdom i Sveio. Mellom anna har han kontakt med ungdomsskulen fleire gonger i veka, mest for å førebyggja.
– Sveio, Tysvær og Bokn er heldige som har eigen politikontakt. Dette var ein del av avtalen då lensmannskontoret blei nedlagde, Seier Salemonsen, som elles stadfestar at nedskjeringane innan politiet går hardt ut over det førebyggjande arbeidet.
Dette opplever han som frustrerande i ei tid med stadig aukande utfordringar, mellom anna den lette tilgangen til narkotiske stoff.
Ei av politikontakten sine oppgåver er også å følgja opp uønska hendingar som ungdommar er involverte i, som for eksempel den brannen bak Vigdartun som blei påsett medan Salemonsen heldt orienteringa si i kommunestyresalen. Då Vestavind snakka med han dagen etter, var han alt i gang å følgja opp dungdommane som var involverte i denne hendinga.
Travlare lærarkvardag
Sjølv om uønska hendingar skjer også i Sveio, er omfanget langt mindre enn i nabokommunane. Når ein korrigerer for folketal, hadde Tysvær tre gonger så mange ungdomsbrotsverk og Haugesund over fem gonger så mange ungdomsbrotsverk som Sveio i året som gjekk. Dette bildet samsvarar også med inntrykket til rektor Lene Lier ved Sveio skule.
– Hovudinntrykket er at her er mykje bra ungdom som oppfører seg fint. Utagering og trugsmål er ikkje dei store problema på ungdomsskulen. Derimot merkar me at fleire elevar i ungdomsskulealder slit med psykisk uhelse, seier Lier.
– Frå andre stader i landet høyrer me om lærarar som ikkje orkar meir på grunn av vald, trugsmål og trakassering frå elevar. Korleis er situasjonen ved Sveio skule?
– Nokre lærarar er slitne, ingen tvil om det. På ungdomstrinnet skuldast det ikkje først og fremst konfliktar med elevane, men meir omsorgsoppgåvene og alt som skal følgjast opp i tillegg til undervisninga. Arbeidsdagen har blitt travlare for lærarane. I samband med oppvekstreforma blir det jobba med å laga gode rutinar for eit tverrfagleg samarbeid i kommunen. Dette for å byggja det gode laget rundt barnet. Ved eit slikt tverrfagleg samarbeid vil ein kunna unngå at læraren blir ståande aleine i utfordringar som oppstår, seier Lier.
Ungdommens politiråd
Blant dei som følgde Salemonsen si oritering måndag var også ungdomsrådet sin leiar og nestleiar, John Bernhard Mølstre og Hans Ole Emberland. Dei møter fast i kommunestyret. Mølstre og Emberland seier til Vestavind at dei ser fram til at Ungdommens politiråd, som Sveio har planar om å oppretta, kjem i funksjon. Det vil gi ungdomsrådet endå tettare kontakt med politiet.
Modellen for ungdommens politiråd er henta frå Bjørnafjorden kommune. Politikontakt Jostein Salemonsen seier det er ein svært god idé som han ikkje kjenner til at nokon andre kommunar på Haugalandet har prøvd ut.
Trugsmål mot demokratiet
I orienteringa si kom også Salemonsen inn på dei trugsmåla mot demokartiet som hatefulle ytringar, hets og trugsmål mot politiet representerer. Slike ytringar medfører gjerne at særleg yngre politikarar gir seg etter kort tid fordi presset blir for stort.
– Tenk over korleis de sjølve ytrar dykk på sosiale medier og snakk saman om det oppstår særleg stort press i samband med omstridde saker. Og ta gjerne kontakt med meg om de treng hjelp til å vurdera om noko skal meldast til politiet, sa han.