yrke og utdanning

– I yrket som sveisar får du svært ulike utfordringar og oppgåver, seier Joachim Bjelland Birkeland. Foto: Thomas Førde
– I yrket som sveisar får du svært ulike utfordringar og oppgåver, seier Joachim Bjelland Birkeland.

Norgesmeister i sveis

– Er du i tvil om kva yrkesfagleg linje du skal velja, er TIF på VG1eit trygt val. Då har du mange moglegheiter vidare.

Publisert Sist oppdatert

Det seier Joachim Bjelland Birkeland. Han er oppvaksen på garden Birkeland og er faglært sveisar med fast jobb hos Aibel i Haugesund. Samstundes understrekar Joachim at interesse for faget må liggje i botn når ein skal velje yrkesveg.

Joachim er ingen kven som helst i sveisefaget. I 2025 vart han norgesmeister i Yrkes-NM og kvalifiserte seg dermed til å delta i europameisterskapen. Denne blei arrangert i Herning i Danmark.

Enkelt val

Alt medan han gjekk på ungdomsskulen, visste Joachim at han ville bli sveisar. Etter to år på Haugaland vidaregåande i Haugesund fekk han læreplass hos Aibel i 2018.

Joachim Bjelland Birkeland blei i fjor norgesmeister i sveis og represenenterte Noreg i EM.

– Eg har vore på jobb for Aibel mange stader, fortel Joachim, og nemner mellom anna Melkøya ved Hammerfest, Mongstad i Nordhordland og Kårstø i Tysvær. I periodar på jobb utanfor verftet, har han hatt turnus med 14 dagar på jobb og tre veker fri.

Det kjem godt med når han har mykje som skal gjerast heime, der han mellom anna pussar opp eit eldre bustadhus.

Variert yrke

– Men eg treng ikkje reise langt for å få variasjon i arbeidskvardagen. Inne på verftsområdet er det mange ulike arbeidsmiljø, verkstadhallar, prosjekt og oppgåver.

No arbeider Joachim på ei stor omformarplattform som verftet skal utrusta for teneste i vindparken Hornsea Link 2 i britisk del av Nordsjøen. Då me møtte han, skulle sjøfesta under plattforma ferdigstillast etter at stålstrukturen kom sjøvegen til Haugesund frå Aibel sitt verft i Thailand.

Utandørs arbeid i all slags ver syter ikkje Joachim med:

– Frisk luft har aldri vore skadeleg, seier meistersveisaren.

Powered by Labrador CMS