yrke og utdanning

Signe Lier Høyness (t.v.), Marius Høyland Bendiksen og Ramaja Ismailova går i høvesvis 10A, 10B og 10C på Sveio skule. I desse dagar må dei velje kva vidaregåande skule dei skal gå på.FOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Signe Lier Høyness (t.v.), Marius Høyland Bendiksen og Ramaja Ismailova går i høvesvis 10A, 10B og 10C på Sveio skule. I desse dagar må dei velje kva vidaregåande skule dei skal gå på.

Nå må dei gjera sine val

Publisert Sist oppdatert

10. klasse elevane skal i desse dagar legga ein plan for utdanningsvalet sitt, og Vestavind har stilt dei følgjande to spørsmål:

1. – Kva utdanningsprogram skal du velja?

2. – Kva eller kven har vore mest til hjelp for å koma fram til valet?

Signe Lier Høyness 10A.

Signe Lier Høyness

– Har landa på studiespesialiserande, slik at eg har mogleigheit til å studera etterpå. Eg ønskjer realfag, fordi eg har lyst å ha moglegheit til å gå medisinstudier. Har også veldig lyst til å reisa på utveksling på Vg2. Når det gjeld framtidig yrke er eg oppteken av å gjera noko bra for andre.

– Meg sjølv, men også litt kva andre i familien har utdanna seg til, og at yrkene deira verkar interessante. Venner har også påverka meg.

Katrina Ekkje 10A.

Katrina Ekkje

– Eg står mellom to val, helse og oppvekst på Haugaland, og naturbruk (dyrelinje) på Tveit.

– Familien min.

Maria Fonnes 10A.

Maria Fonnes

– Har planar om å søka på helse og oppvekst på Karmsund. Eg vurderer å utdanna meg til sjukepleiar, difor tenkjer eg dette er eit lurt val.

– Mest meg sjølv, men også rådgjevarane på skulen.

Kristian Olsen Lie 10A

Kristian Olsen Lie

– Eg har lyst å søka på Bygg og anlegg på Haugaland, målet mitt er å bli tømrar.

– Far og farfaren min. I oppveksten har eg vore mykje med far min og jobba.

Benjamin Blytt 10A.

Benjamin Blytt

– Studiespesialiserande, mest sannsynleg på Vardafjell fordi der har dei entreprenør plassar/teamwork. Eg likar å driva med buisness, har alt hatt mine eigne småbedrifter då eg var yngre, blant anna kjøp og sal av samlekort.

– Mest mamma. Elles gjer eg det som eg føler er rett for meg.

Hans Ole Ness Emberland 10B

Hans Ole Ness Emberland

– Eg er interessert i økonomi og marknadsføring, og har lyst å søka på Salg- og service.

Eg søkjer yrkesfagleg fordi eg byrjar å bli litt lei av skule. No held det med to år før eg kan gå ut i lære.

– Sverre Halleraker, rådgjevaren min. Pluss at eg las om det i utdanningsprogrammet, og fann ut at det passa for meg.

Saga Makenzie Bergo 10B.

Saga Makenzie Stormer Bergo

– Eg har lyst å bli marinebiolog, difor vil eg starta på studiespesialiserande først.

– Dei som har påverka meg mest er mor mi og bestefar min.

Marius Høyland Bendiksen 10B

Marius Høyland Bendiksen

– Eg vil søka teknologi- og industrifag (TIF) på Haugaland. Vg2 har mange moglegheiter med mange forskjellige lærefag. Eg har lyst å utdanna meg til skipsmekanikar.

– Venner og søsken som går og har fått på Haugaland, og dei seier at det er ein veldig bra skule, og veldig kjekke lærarar. Har to onklar som jobbar på plattform, dei seier at det å jobba offshore er veldig kjekt.

Arne Martin Helland 10B.

Arne Martin Helland

– Eg har lyst å bli elektrikar, difor siktar eg meg inn på elektrolina på Karmsund.

– Familien min har påverka meg litt når det gjeld yrkesvalet, men eg har tenkt på det sjølv også.

Rajana Ismailova 10C.

Rajana Ismailova

– Har ikkje landa på utdanning ennå, men satsar først og frem på studiespesialiserande på Vardafjell. Har også vurdert medie og kommunikasjon. Favorittfaga mine er engelsk og historie.

– Vennene og foreldra mine.

Gunn Snefrid Sakseid Økland 10C.

Gunn Snefrid Sakseid Økland:

– Eg har bestemt meg for å søka Helse- og oppvekstfag, og deretter ta påbygg 3. året. Eg likar å diskutera, så kanskje eg tek vidareutdanning for å bli jurist.

2. Litt mamma og litt meg sjølv. Pluss rådgjevar på skulen som har vore svært støttande.

Malin Åsbø 10C.

Malin Åsbø:

– Har vurdert Helse- og oppvekst, men trur eg endar opp med Bygg og anlegg då eg likar praktisk arbeid. Pappa har også vore innom den linja. Eg ser for meg å bli anten tømrar eller maskinførar.

– Venner, familie og meg sjølv.

Olav Enerstvedt Westergaard 10C.

Olav Enerstvedt Westergaard

– Eg har lyst å bli landmålar, det verkar som eit spennande yrke. Planen er å gå Teknologi- og industrifag (TIF) på Karmsund eller Haugaland, før eg siktar med inn på Anlegg- og maskinførarlinja på Os. Favorittfaget er gymnastikk.

– Mest meg sjølv, med god støtte av rådgjevar på skulen.

Steinar Våga 10C.

Steinar Våga

– Målet mitt er å reisa ut i Nordsjøen for å jobba. Til neste år siktar eg meg inn på Teknologi- og industrifag (TIF) på Karmsund (2 år skule/to år lære), deretter vidare på Kjemiprosess, med tanke på at eg kan bli prosessoperatør i Nordsjøen. Eg likar praktiske fag, og likar ikkje å sitja for mykje i ro.

– Far min. Han jobbar som mekanikar i Nordsjøen.

Powered by Labrador CMS