yrke og utdanning
Lærer å ta vare på verdsarven
Den norske seterkulturen har fått plass på Unesco si verdsarvliste. For å ta vare på arven må framtidige kokkar læra å ysta ost og kinna smør.
Dette var bakgrunnen for eit kurs for lærligar ved restaurant- og matfag-avdelinga på Karmsund videregående skole måndag. Kurshaldar var Kathrin H. Aslaksby frå Kompetansenettverk lokalmat Vest.
Hotell ba om kurs
– Det var Quality Hotel Maritim i Haugesund som ba oss halda ystekurs for lærlingane sine. Dessutan har me med oss elevar frå vaksenopplæringa her på Karmsund, fortel Aslaksby til Vestavind.
Mellom deltakarane på kurset var også to sveibuar, Christoffer Opedal og Maria Steinstø, som begge er kokkelærlingar ved Quality Hotel Maritim. Då me var innom kursstaden, hadde dei nettopp produsert cottage cheese basert på surmjølk, som ifølge Aslaksby er den eldste ostetypen ein kjenner. No var dei i gang med å laga ein kremost av søtmjølk. Seinare på dagen sto også kinning av smør på programmet.
Lærlingar frå Sveio
– Dette er noko eg aldri har vore borti før, seier Christoffer, medan Maria legg til at det er interessant å bli kjent med gamle produksjonsmåtar som ysting og kinning.
Aslaksby er utdanna naturforvaltar, pedagog og ystar, og utgjer den eine halvparten av Skimaker´n og Budeia, som ho driv saman med mannen Thomas Aslaksby på eit småbruk i Valdres.I tillegg til formidlingsarbeidet er ho sjølv aktiv budeie med eigne geiter og mobilt ysteri. I sommarhalvåret praktiserer ho dermed det ho formidlar vidare til elevar, lærlingar og andre kursdeltakarar elles i året.