yrke og utdanning

– Kjekt og lærerikt kunstprosjekt

Elevane i klasse 7A og 7B ved Sveio skule har slektsrøter i 14 ulike land. Det har vore utgangspunktet for prosjektet «Formelement frå landa som er representerte i klassen».

Publisert Sist oppdatert

Elevane har arbeidd med dette prosjektet i kunst- og handverktimane i tolv veker, frå jul til påske.

No har dei laga ei utstilling på skulen for å visa fram både det dei har laga og den kunnskapen dei har skaffa seg om dei ulike landa.

– Betre kjennskap til elevane

– Det er første gong me har gjort noko slikt. Det har vore veldig kjekt og veldig lærerikt, både for elevane og for oss lærarar. Det har også vore kjekt å arbeida på tvers av klassegrensene. Dette trur eg me kjem til å gjera igjen, seier Kristin Larsen.

Ho er kontaktlærar for den eine klassen. Den andre kontaktlæraren er May Lende. Dei hadde på førehand laga oppgåver og idear som elevane har spunne vidare på.

– Elevane har arbeidd i grupper på tre og fire. Kvar gruppe har tatt for seg eitt land. Elevane med utanlandske føresette fekk velja om dei ville arbeida med det landet ein eller begge foreldra kjem frå. Dei har gjort litt ulike val, fortel Larsen.

Som eksempel på kva ho sjølv har fått ut av prosjektet, seier Larsen at ho mellom anna har fått vita meir om elevane og deira bakgrunn.

– Frå før visste eg for eksempel ikkje at bestefar til Daniel har vore president i Zambia, seier ho.

Frå skisser til ferdig produkt

Vestavind har møtt elevar frå alle dei 14 elevgruppene. Dei stadfestar at prosjektet har vore kjekt og lærerikt. Nokre av dei har også nærare forhold til landet dei har arbeidd med, enn andre.

Louisa i Brasil-gruppa fortel for eksempel at mora hennar kjem frå Brasil. Begge foreldra til Kajetan i Polen-gruppa kjem frå dette landet, og Simon i Russland-gruppa er stolt av at han kan snakka flytande russisk. Det har samanheng med at mor hans kjem derfrå.

Elevane fortel elles at dei mellom anna har brukt internett for å finna fram til kulturelle uttrykksformer for landa dei har arbeidd med. Men dei har også brukt eigen fantasi og laga mønster til det dei ville framstilla. Alle gruppene måtte først laga skisser og deretter utføra formingsarbeidet ut frå desse.

Powered by Labrador CMS