yrke og utdanning
Kameratgjeng om bord i «Viking Lady»
– Gjengen om bord på «Viking Lady» er som ein stor familie. Eg stortrivst i denne gjengen, seier Tomas Dale.
Han går i lære som skipselektrikar hos reiarlaget Eidesvik Offshore og har fått opplæring om bord i to svært ulike skip.
Først var han om bord i Viking Neptun, eit stort fartøy med rundt 80 personar om bord. Skipet blir brukt til legging av kabel på havbotnen og utfører slike oppdrag verda over. Tomas fortel at han mellom anna var to gonger i Virginia i USA med dette skipet.
For tida er han om bord i forsyningsskipet «Viking Lady», som går i fast rute mellom forsyningsbasen i Sandnessjøen og ulike installasjonar og plattformer utanfor Helgelandskysten. «Viking Lady» er mykje mindre enn «Viking Neptun» og mannskapet tel 15 personar.
Ville til sjøs
– Det er eit ungt mannskap og ein flott kameratgjeng. Det er dessutan særs dyktige elektrikarar om bord, som eg lærer mykje av. Fagprøva skal eg etter planen ta til sommaren, seier Tomas som er oppvaksen på Fjellstad.
Han bestemte seg tidleg for at han ville til sjøs. Far hans har segla som chief og tilrådde sonen å velja eit maritimt yrke. Etter ungdomsskulen starta Tomas på ei treårig utdanning ved Karmsund vidaregåande skule i Haugesund.
Første året gjekk han VG1 elektro, og andre året VG2 elektro. I tredje klasse spesialiserte han seg innan maritim elektro på VG3. Etter tre år på vidaregåande skule er læretida for skipselektrikarar to år.
Bransjen vil ha fleire
– Etter VG3 var eg usikker på kvar eg ville vera i læretida. Eg vurderte ei stund borerigg, men etter å ha besøkt fleire reiarlag, valde eg Eidesvik. Dette selskapet gav eit svært godt inntrykk, seier Tomas.
Han vil tilrå fleire å søkja seg til denne utdanninga.
– Bransjen skrik etter fleire skipselektrikarar. Dessutan er arbeidsmiljøet om bord framifrå, seier Tomas, som har fire veker fri etter kvar firevekers periode om bord.
I friperiodane nyttar han høve til å arbeide for eit lokalt elektrikarfirma.