yrke og utdanning

Nytt utdanningstilbod i anleggsteknikk på Haugaland vgs:

– Her blir det kamp om elevplassane

Haugaland videregående skole i Haugesund kan frå hausten 2024 tilby opplæring i anleggsteknikk på vg2-nivå. Avdelingsleiar Frode Nygaard trur det blir stor rift om dei 15 plassane på den nye linja.

Publisert Sist oppdatert

Det var like før jul fylkestinget i Rogaland godkjende opprettinga av det nye undervisningstilbodet ved Haugaland videregående skole. No marknadsfører skulen den nye linja gjennom ulike kanalar. Mellom anna blir det open dag på skulen 3. februar. Då kan elevar og føresette koma og få meir informasjon. Søknadsfristen er 1. mars som for all anna vidaregåande opplæring.

– Elevar frå Sveio og Etne vil, saman med elevar frå Rogaland, får fortrinnsrett til plassane på den nye linja. Tidlegare har elevar som ønskjer utdanning i anleggsteknikk på vg2-nivå, berre hatt tilbod om dette på landslinjer, for eksempel på Øksnevad på Jæren eller Os i Bjørnafjorden. Men der må dei konkurrera med søkjarar frå heile landet. Opptakskravet har difor vore svært høgt. Mange av dei mest motiverte søkjarane har av den grunn ikkje nådd opp, forklarar Nygaard.

Fyller lokalt behov

Opptakskravet til vg2 anleggsteknikk er fullført vg1 bygg og anlegg eller teknologi- og industrifag (TIF).

– I undervisninga vil bli hovudfokus på anleggsmaskiner. Etter fullført utdanning vil elevane få maskinførarbevis for gravemaskin, hjullastar og dumper i tillegg til fagbrev. Utdanninga vil dessutan opna for at elevane etterpå kan ta åtte ulike fagbrev i tillegg, for eksempel innan sprenging eller asfaltfag.

Både frå opplæringskontoret og anleggsbransjen på Haugalandet har skulen fått klar melding om at det er stort behov for slik fagutdanning i regionen.

– Me vil ikkje ha noko problem med å skaffa læreplassar til elevane på vg2-linja, seier Nygaard.

Kostbar linje

Opplæring innan anleggsteknikk er svært kostbar, mellom anna fordi det krev tilgang til fleire anleggsmaskinar i millionklassen. Haugaland videregående skole og Rogaland fylkeskommune har løyst denne utfordringa ved å inngå ein samarbeidsavtale med Futurum Norge AS.

Dette selskapet har maskinar og eit stort anleggs- og øvingsområde i Gismarvik. Elevane vil få mesteparten av undervisninga si der, men den teoretiske delen vil føregå på skulen i Haugesund.

Futurum Norge AS blei etablert i 2022. Selskapet tilbyr mellom anna kompetansegivande opplæring til menneske som har falle utanfor utdanningsløp eller arbeidsliv.

– Hovudvisjonen vår er å forebyggja utanforskap og gi folk ein ny sjanse, seier fagleg utviklar Ingvild Austerheim.

Vaks fram frå Haugaland Motorklubb

Ho fortel også at verksemda vaks fram frå Haugaland Motorklubb, som også gir tilbod til unge og vaksne som er i ferd med å falla utanfor. Gjennom denne delen av klubben sitt arbeid kom dei i kontakt med ulike offentlege organ og fekk forståing for at det også var behov for eit opplæringstilbod på dagtid.

Futurum Norge AS tilbyr ulike kompetansegivande kurs og finansierer verksemda ved å inngå ulike former for opplæringskontraktar. Dei har også tidlegare hatt samarbeid med Haugaland videregående skole.

Futurum Norge AS er sjølv leigetakar på anleggsområdet i Gismarvik. Området og maskinparken tilhøyrer investoren Svein Ove Vetrhus sine eigedoms- og driftsselsekap. Vetrhus er sjølv aktivt med i Futurum Norge AS, mellom anna som styreleiar.

Powered by Labrador CMS