yrke og utdanning
Har sett kurs mot sjøen
Odd Andreas Tungesvik Rydningen er ferdig med den 3-årige yrkesfaglege skulegangen. Men ikkje med utdanninga. No har skipselektrikar-eleven læretida i Nordsjøen.
Odd Andreas Tungesvik Rydningen frå Sveio har vore lærling i eit halvt år. No står det att eit og eit og eit halvt før han tek fagbrevet som skipselektrikar.
— Korleis er det å vere lærling?
— Eg synest det er veldig greit der eg er. Det er masse kjekke folk som tar vare på meg og formidlar sine kunnskapar, seier Rydningen.
— Kva gjer du på jobb?
— Oppgåvene er å ta hand om det elektriske anlegget om bord på båten. Det kan vere veldig mange spesielle oppgåver. Nokre dagar er det å feilsøkje større anlegg, byte ut komponentar eller skifte varmekablar, seier Rydningen.
Når lærlingperioden er over vert han offisielt skipselektrikar, og får dermed ansvar for heile det elektriske anlegget om bord i ein båt.
To veker på og fire av
For tida jobbar han på skipet Akofs Seafarer, eit skip han synast er midt i blinken.
— Korleis enda du opp der?
— Eg berre søkte der. Dei har ganske store båtar og held på med spesielle operasjonar på oljebrønnar. Eg synest det verka spennande, og så har dei ei ordning med to veker på og fire veker av, seier Rydningen.
Det vil seie at han jobbar i to veker til sjøs, og så har han fri i fire veker. Tida på fastlandet nyttar han til mykje forskjellig, for å sitje stille er ikkje eit alternativ.
— Eg er ein ganske aktiv person, så eg klarar ikkje å sitje så lenge i ro. Det er og ein grunn til at eg valde båten eg er på. Før var eg på ein mindre båt, der var det veldig mykje pausar og lite å gjere. Det er ikkje så spennande, seier Rydningen.
Vegen til sjøs byrja nokre år tidlegare. Det var først etter eit anna opphald på sjøen at han vart sikker på kva han ville.
— Eg likte dette med sjø og syntest det verka spennande. Men, eg var framleis litt usikker, så eg gjekk først linja VG1 elektro på skuleskipet Gann, seier Rydningen.
MS «Gann» er eit skuleskip elevane bur på, og skipet er mykje ute på sjøen i løpet av året. Der kan ein ta fleire maritime utdanningar, mellom anna det Rydningen valde.
— Det var etter første året der at eg hadde planen heilt klar og visste kva eg gjekk til, seier han.
Sjølvstendig
Når han hugsar tilbake til då han sjølv skulle søkje, har han eit tydeleg råd.
— Det er lurt å sjekke opp i ting du interesserer deg for, og ikkje berre følgje etter venar og kjende. Ofte skjer det at ein berre følgjer kompisar fordi ein er usikker. Mitt beste råd er at du er litt sjølvstendig og undersøkjer sjølv, seier Rydningen.
Det er ikkje noko anna han skulle ynskje han visste før han tok sitt val. Men meir tid til å setje seg inn i mogelegheitene hadde vore bra.
— Litt meir hjelp til å finne ut av dei forskjellege utdanningsvegane. Me fekk god hjelp, men ikkje så god tid til å prøve ting ut og setje seg inn i dei, seier Rydningen.
– Hugsar du kva du tenkte før du søkte?
– Eg var usikker og innom mange yrke. Foreldra mine, og særleg faren min, hjelpte meg på riktig spor. Eg ville vere lastebilsjåfør eller gravemaskinsjåfør, men han fekk meg til å undersøkje meir innanfor dei ulike fagfelta, seier Rydningen.
Samstundes hadde han noko elektrikar-erfaring frå arbeidslivet frå før, grunna ein sommarjobb.
— Eg var ganske sterkt inne på å bli elektrikar, då eg hadde sommarjobb i eit elektrikarfirma i tre somrar, seier Rydningen.