yrke og utdanning
Gir farmor æra for yrkesvalet
Filip Meszynski gir farmor æra for at han tidleg fekk læra og bli interessert i matlaging. No har han berre eit halvår igjen på vg2 restaurant og matfag ved Karmsund videregående skule.
Den unge sveibuen, som er fødd i Polen, men kom til Noreg som fireåring, håpar no å finna den mest interessante læreplassen i Trondheim.
– Eg vil gjerne koma til eit større miljø og oppleva andre råvarer, seier Filip, som røpar at læreplass ved restauranten To rom og kjøkken står øvst på ønskelista.
Dette er ein restaurant som marknadsfører seg nettopp for satsing på lokale råvarer frå Trøndelag-lagkysten.
Læreplass med ambisjonar
– Me var innom denne restauranten på ein studietur i fjor. Dei satsar mykje på lærlingar. Og alle lærlingane som blir tatt inn må vera viljuge til å delta i konkurransar, seier rektor Kjell Inge Bråtveit ved Karmsund videregående skule i ein kommentar til Filip sine framtidsønske.
For skulen er det viktig å senda elevar til verksemder med ambisjonar om å markera seg innan kokkekunst blant anna gjennom internasjonale konkurransar. Fleire tidlegare elevar er i dag lærlingar ved restaurranter med Michelin-stjerner, forklarar rektor.
– Me har for tida også eit par lærlingar hos kjendiskokken Arne Brimi og skal på studietur til hans verksemd seinare i år, fortel Bråtveit.
Godt førebudde
Dei aller fleste elevane på vidaregåande er nøgde med det opphavlege linjevalet sitt, fortel både Bråtveit og fleire av medarbeidarane hans. Ein av grunnane er at ungdomsskuleelevane blir godt førebudde gjennom arbeidet til rådgjevarane på skulane, kontakt med arbeidslivet deltaking på yrkesmesser og besøk på dei vidaregåande skulane i regionen.
Tysdag og onsdag i denne veka var for eksempel tiandeklassingar både frå Sveio og andre stader på Haugalandet på omvising på Karmsund.
Nokre få vel likevel å gjera eit omval. Filip er ein av dei.
Ombestemte seg
– Eg gjekk først på kunstfag på Haugaland videregående skule. Frå barndommen har eg alltid likt å teikna. Ei stund tenkte eg på å bli arkitekt, men kom fram til at eg på lang sikt heller vil arbeida med det som er den andre store hobbyen min. Nemleg matlaging.
Filip ser ikkje på det eine skuleåret på Haugaland som bortkasta.
– Det er mykje kunst innan kokkefaget også. Eg får bruk for det eg lærte der, seier han.
Karmsund er den største vidaregåande skulen på Haugalandet med 1.100 elevar og 200 tilsette. Talet på elevar inkluderer 400 på vaksenopplæring. Denne delen av av undervisninga går føre seg i det tidlegare Arabia-bygget i Haugesund sentrum.
Til hausten aukar det totale elevtalet til 1.390 når skulen utvidar med seks nye klassar. For å gi plass til alle elevane byggjer dei no 3.000 kvadratmeter med nye undervisningsrom. Vestavind har besøkt skulen, der me også møtte fleire fleire vg1-elevar frå Sveio.
Valde typisk gutefag
Thea Sømme er ei av dei. Ho går på elektro, som også var førstevalet hennar.
– Både besteforeldre, far og bror er utdanna innan dette faget. Så då var det kult å gjera det same. Ikkje minst har bror min inspirert meg til å velja dette faget, noko eg ikkje angrar på, seier Thea.
Ho synest også det er kult som jente å koma inn på eit typisk gutefag. Kjønnsbalansen innan elektrofaget er forresten i rask endring, seier sveibu og avdelingsleiar for elektro på Karmsund, Tore Fykse. På Thea sitt trinn er 20 av dei 90 elevane dette året jenter. På andre liner, som restaurant- og matfag, er det meir lik fordeling.
– I år har me litt overvekt av jenter, seier avdelingsleiar Hilde Søvik.
Sikra læreplass og jobb
Neste år tenkjer Thea å gå vidare på el-energi og elkom. Som dei andre elektro-elevane vil ho ikkje ha problem med å skaffa seg korkje læreplass eller jobb.
– Det lokale næringslivet skrik etter folk. I fjor klarte me ikkje å skaffa nok læringar til alle plassane me fekk tilbod om, seier Fykse.
Når fagbrevet er på plass, står verksemdene klare til å tilby jobb. Ikkje minst er etterspurnaden frå den maritime næringa stor. Det er for eksempel kritisk mangel på skipselektrikarar, eit fag som krev eitt ekstra skuleår pluss læretid for å få fagbrev.
Ser mot Nordsjøen
Sarah Svendsbø Hansen og Tomas Hellesøy Lier går begge på teknologi- og industrifag, til dagleg kalla TIF. Sarah har tenkt å gå vidare på kjemi- og prosessfag eller automasjon.
– Etterspurnaden etter arbeidskraft innan dei ulike faga vil vera med på å avgjera valet, seier Sarah, som også er oppteken av lønsnivået ved dei aktuelle bedriftene.
Ho kan for eksempel tenkja seg å arbeida ved Hydro, men er heller ikkje framand for tanken på jobb i Nordsjøen.
For Thomas var det naturleg å velja TIF på vg1.
– Eg har alltid likt å mekka og skru, seier han.
Neste år vil han velja kjemi- og prosessfag. Målet hans er heilt klart når han har fagbrevet i handa. Det er offshorejobb i Nordsjøen.