yrke og utdanning

Som matroslærling jobbar Andrine Neve Frøvik ofte ute på dekk. Foto: Privat
Som matroslærling jobbar Andrine Neve Frøvik ofte ute på dekk.

Einaste jenta om bord

Andrine Neve Frøvik er matroslærling og var til sjøs gjennom heile jule- og nyårshelga.

Publisert Sist oppdatert

Då me skulle intervjua henne, var ho på Valhall-feltet i Nordsjøen og så langt frå land at ho var utanfor mobildekning. Intervjuet måtte derfor gjerast via Messenger.

– Julefeiringa blei annleis enn det eg er van med, men me hadde ei koseleg julaftan om bord og fekk god mat, fortel Andrine.

Som matroslærling arbeider ho ofte ute på dekk. Ho deltar i ymse vedlikehaldsarbeid og er med under lasting og lossing av containerar mellom skip og oljeplattform.

Storm og sjøsjuke

Då me snakka med henne, vart det meldt storm med sju meter signifikant bølgjehøgd, slik at  dekket måtte stengjast.

– Korleis har du takla sjøsjuka?

– Når det blir meldt dårleg ver, har eg teke sjøsjuketablettar. Det har gått fint så langt og eg merkar at eg toler meir sjø og bølgjer nå enn i starten.

Andrine Neve Frøvik er matroslærling om bord i «NS Frayja».

Forsyningsskipet «NS Frayja,» som Andrine er om bord i, går nærast i fast rute mellom forsyningsbasen i Tananger, Valhall-feltet og andre installasjonar i Nordsjøen. Ho skal vera eitt år om bord i dette skipet før ho byter til eit anna fartøy i reiarlaget Eidesvik Offshore.

Eitt år på skuleskip

Om bord i «NS Frayja» er Andrine einaste jente.

– Det går heilt fint. Yrke til sjøs kan eg absolutt tilrå andre unge jenter, seier Andrine.

Andrine vaks opp i Sveio sentrum og har ingen sjøfolk i nær familie. Men etter å ha vore på besøk og blitt inspirert om bord i skuleskipet Gann, bestemte ho seg alt i 10. klasse for at ho ville til sjøs.

Første året etter ungdomsskulen gjekk Andrine VG1, TIF, ved Karmsund vidaregåande i Haugesund. VG2 gjennomførte ho på den flytande vidaregåande skulen, skuleskipet Gann.

– Der var me mange jenter, og me reiste på tokt både i inn- og utland. Året på Gann vart ei oppleving for livet. Ein bur saman med kjekke folk, nesten som i ein stor familie.

– Eg anbefaler «Gann» til alle eg kjenner som vil utdanne seg denne vegen.

Powered by Labrador CMS