yrke og utdanning
— Eg vil ikkje at elevane skal bli påverka av trendar eller kvarandre
Val av studie etter ungdomsskulen kan vere vanskeleg, og varierer stort frå elev til elev. Rådgjevar Sverre Halleraker og hans kollega byrjar med rettleiing allereie frå åttande klasse. — Me prøver å få dei til å sjå for seg kva liv dei ynskjer, seier Halleraker.
Han er ikkje interessert i å snakke om kva utdanning som er mest populær.
— Eg vil ikkje at elevane skal bli påverka av trendar eller kvarandre, seier Sverre Halleraker.
Halleraker er både lærar og rådgjevar ved Sveio Skule. Hans rolle er å hjelpe dei å ta eit godt val, ikkje kva som er populært.
Men, han kan peike på noko meir generelt.
— Me ser jo at over fleire år så aukar yrkesfag stadig. Høgare og høgare prosent av elevane vel det, seier Halleraker.
På Sveio skule er det to rådgjevarar som rettleier elevane. Halleraker har 30 prosent av stillinga si som det, og resten som lærar.
— Det er utfordrande å få tid nok til å gje den støtta dei treng, seier Halleraker.
Byrjar tidleg
Men Sveio skule har ein undervisningsmodell som gjer det enklare for rådgjevarane.
— Me har faget utdanningsval, og der underviser me dei same elevane me skal rettleie seinare. Så me startar allereie i åttande klasse, fortel Halleraker.
Vegen vidare frå ungdomsskulen er prega av veldig mange mogelegheiter for elevane. Å skulle forplikta seg til noko ein ikkje har prøvd før, er ei utfordring fleire kan kjenne seg igjen i.
— Dei har mange spørsmål. Eg merkar at ein del ungdomar er usikre og synast det er vanskeleg å velje. Sånn har det jo alltid vore, seier Halleraker.
Samstundes har dei siste åra vore uvanlege, grunna pandemien. Det er noko han trur kan vere ein faktor.
— Kanskje det dei har opplevd grunna pandemien har skapt ei ekstra usikkerheit, seier Halleraker.
Det store biletet
Sjølv om det ikkje er altfor langt fram i tid, kan det vere vanskeleg å vite korleis jobbmarknaden ser ut når ein er ferdig utdanna.
Rådgjevaren meiner det er gode utsikter for dei aller fleste val.
Under rettleiing er fokuset difor på det store biletet.
— «Det er livet som er karrieren» seier me, seier Halleraker.
Dei har samtalar med kvar einaste elev, og er tydeleg på nokre viktige punkt.
— Me er ærlege om lønnsmogelegheitene til jobbar. Men, viss du ikkje trivst er det ikkje sikkert at du meistrar det. Då hjelper ikkje utdanninga, seier Halleraker.
— Kva bør ein tenkje på når ein skal velje?
— Det viktigaste er å finne noko ein kan trivast med og gjennomføre. Det er ofte dei same personlege eigenskapane som er viktige, uansett kva jobb.
— Å samarbeide med andre, omstillingsevne, vere sjølvgåande, å finne ut av ting. Det er slikt bedriftene legg vekt på når dei skal tilsette nokon, seier Halleraker.
Ikkje skrive i stein
Om ein ikkje er nøgd med retninga kan den endrast undervegs, eller ein kan vidareutdanna seg. For Halleraker sjølv var det litt av begge delar.
— Eg hadde eigentleg ikkje ambisjon om å vere lærar, men enda opp der likevel og trivst godt, seier Halleraker.
— Er du eit eksempel på at vegen blir til medan man går?
— Ja. Me hadde ikkje same fokus eller tilbod som dei har no. Eg ville bli arkitekt, ingeniør eller mogelegvis diplomat. Men, så byrja eg å studere og var vikar på ein skule i periodar med fri. Då blei kursen endra, seier Halleraker.
Å hjelpe komande vaksne med å setje sine eigne kursar tek han med stor ro.
— Eg er ikkje så uroa for at dei tek feil val, men eg er opptatt av at dei skal har tru på seg sjølv og ha den rette motivasjonen, seier Halleraker.