yrke og utdanning
Dei fleste vil satsa på yrkesfag
Berre ein av tolv tiandeklassingar ved Sveio skule som Vestavind har snakka med, har studiespesialisering som førsteval når dei no skal velja kva line på vidaregåande dei skal søkja seg inn på.
Dette stadfestar ein av elevane, Håkon Kyvik som seier mange av elevane på Sveio skule går vidare på yrkesfag.
Alle dei tolv elevane som stilte opp til intervju, og som representerer alle dei tre tiandeklassane ved Sveio skule, hadde klart for seg kva dei vil søkja på. Dei fleste hadde også bestemt seg for at førstevalet er vidaregåande skular i Haugesund.
Me hadde to hovudspørsmål til elevane:
- Kva utdanningsprogram skal du velja?
- Kva eller kven har vore mest til hjelp for å koma fram til valet?
Annonse
Her er elevane sine svar:
Heidi Reinertsen Barane
- Eg har lyst å gå på helse og oppvekst.
- Eg har fått hjelp av rådgjevar Sverre Halleraker og tanta mi, Monica. Jobbdagar i barnehage har også gjort at eg har lyst til å gå på helse og oppvekst.
Ermina Agasøster
Annonse
- Eg vil velja TIF – teknologi og industrifag. Og eg vil helst gå på Karmsund videregående skole i Haugesund.
- Det er helst meg sjølv. På TIF må ein vera litt praktisk av seg, og eg likar å gjera praktiske ting.
Kathrine Aarsteinsen
- Eg har lyst å gå på helse og oppvekst på Haugaland videregående skole i Haugesund.
- Eg har lyst å jobba i barnehage når eg blir vaksen. Det har vore draumen min sidan eg var liten. Kven som har påverka meg er eg usikker på, men det er nok alle folka rundt meg.
Elisabeth Kvinnesland
Annonse
- Eg har tenkt å søkja helse og oppvekst på Haugaland.
- Kanskje lærarane har påverka meg mest. Dessutan ser dette så gøy ut, samstundes som det er krevjande.
Håkon Kyvik
- Eg har lyst å gå vidare på Karmsund, på elektro og datateknologi.
- Litt er eg vel påvera av at mange av elevane her på Sveio går vidare på yrkesfag. Og så synest eg det ser kjekt ut med denne elektrikarlina.
Amalia V. Mocci
Annonse
- Eg skal søkja meg inn på informasjonsteknologi og medieproduksjon. Då kan eg velja mellom Haugaland og Stord vidaregåande skule. Eg er framleis litt usikker på kven av dei to eg skal søkja på.
- Det er nok litt far min, han jobbar innan IT. Eg har også alltid hatt interesse for det sjølv.
Andrea Styve Apeland
- Eg har søkt, og sette då studiespesialiserande på førsteplass. Eg har vore litt usikker og har også vurdert TIF.
- Det er nok litt foreldra mine. Eg er litt usikker på kva eg vil bli, og då synest eg det er tryggast å velja det som er mest ope.
Malvin Eikemo
Annonse
- Bygg og anlegg vil eg satsa på, trur eg. Eg er usikker på kva skule som blir førstevalet, men dette er jo ei line som finst mange plassar.
- Det er mitt eige val. Eg har lyst å bli røyrleggar.
Andreu Sanchis Lorente
- TIF eller elektro. Eg er i alle fall heilt sikker på at eg vil velja yrkesfag. Førstevalet er Karmsund. Alternativet er Haugaland.
- Eg har vore på jobbdagar og sett på kva eg likar og kva eg ikkje likar. På den måten har eg kome fram til valet mitt.
Benjamin Framnes Rossehaug
Annonse
- Eg tenkjer eg vil velja TIF på Haugaland og så gå vidare til å bli maskinførar eller mekanikar. Planen er klar.
- Dette er eigentleg mitt eige val. Eg har alltid hatt ein draum om å køyra maskinar.
Noah Gismarvik
- Elektro og datateknologi på Karmsund er mitt val.
- Litt er eg påverka av vener og familie, litt har eg kome fram til det på eiga hand.
Noah Lønning
Annonse
- Eg skal søkja TIF, og det blir vel Haugaland.
- Litt har eg fått hjelp av mamma og pappa, og mest er det eg sjølv som har kome fram til kva eg likar best.