yrke og utdanning
Andre år på rad utan yrkesmesser
Yrkesmessa i Tysvær er avlyst for andre året på rad, det same gjeld utdanningsmessa på Stord.
– Avgangselevane ved Sveio skule hadde likevel ein ganske normal haust på grønt nivå heilt fram til smittesituasjonen blei verre rett før jul. Elevane våre på 10. trinn har fått ha to besøksdagar på vidaregåande skular, og dei har fått tre jobb-dagar. Det er bra, opplyser Sverre Halleraker, rådgjevar på Sveio skule.
Han fortel at både elevane og dei vaksne har vore slitne av den vanskelege koronasituasjonen, men vel å tenkja positivt.
– Me har i stor grad fått gjort rådgjevarjobben vår, men den viktige kontakten med elevane var jo begrensa no når skulen var på gult nivå, seier han.
Avgangselevane er no i ferd med å landa når det gjeld utdanningsvalet sitt. Skulen ser ingen nye trendar når det gjeld kva Sveio-elevane veljer, men det er klart at yrkesfag framleis står sterkt.
– Skal ein følgja hjarta eller må ein også tenkja på sikre yrker?
– Det er vanskeleg å seia noko generelt om kva som er lurt å velja. Det viktigaste er at elevane veljer noko dei kan trivast med, og har føresetnader til å kunne lukkast med. Utdanninga dei har i botn kan føra dei i ulike retningar etter kvart. Likevel er det på det reine at det i framtida heilt sikkert vil vere stor etterspurnad etter folk med utdanningar innan helse og omsorg, og innan teknologi og elektro, meiner Halleraker.