yrke og utdanning

1. mars er søknadsfrist for vidare utdanning. Kva vel 10. klassingane ved Sveio skule?
1. mars er søknadsfrist for vidare utdanning. Kva vel 10. klassingane ved Sveio skule?

10. klassingar om yrkesval

Fristen for søka vidare utdanning nærmar seg raskt. Ein del elevar veit kva dei vil velja, andre har ikkje heilt bestemt seg for kva veg dei skal gå.

Publisert Sist oppdatert

1. Kva utdanningsprogram skal du velja, og kvifor?
2. Kva eller kven har vore mest til hjelp for å koma fram til valet?

10B

Oliver Kvilhaug Brurberg (15)

  1. TIF
  2. Det er mykje praktisk i faget, og eg har bestemt meg for dette sjølv.

Patrick Reine Severinsen (15)

  1. Bygg og anlegg
  2. Eg kjenner ein som har gått der og sit på bra med pengar, men også fordi det er interessant.

Hala Nohammad (16)

  1. Studiespesialisering
  2. Eg likar å studera og jobba hardt for å få gode resultat. Og så får eg litt tid til å sjå på kva eg skal gjera vidare.

Kristine Jirgensone (15)

  1. Musikk, dans og drama
  2. Eg likar både å halda meg aktiv og å jobba med folk, og har valt dette ut frå meg sjølv.

10C

Erika Vikse Bjelland (15)

  1. Eg skal snart søka, og det blir helse og oppvekst på Karmsund vgs. Det er i alle fall det som er førstevalet.
  2. Brødrene mine har gått på Karmsund, og dei seier det er godt skulemiljø og ein fin plass. Eg likar å gje omsorg, vera hjelpsom og rundt folk.

Anna Møllerhaug (15)

  1. Helse og oppvekst med toppidrett på Haugaland vgs.
  2. Eg har jobba i barnehage i arbeidslivsfag, og har lyst til å utdanna meg innan dette.

Kari Haara Matre (15)

  1. Eg har ikkje bestemt meg enno, men lurer litt på elektro eller helse og oppvekst.
  2. Bror min har gått på elektro, så eg veit litt kva det går i. Og så kan ein utdanna seg til mange type jobbar ut frå den utdanninga.

Sarah Mathea Vihovde Vestvik (15)

  1. Studiespesialisering
  2. Eg har lyst til å studera etterpå. Kanskje bli lege, men veit ikkje heilt enno.

Ida Holgersen Katla (15)

  1. Danselinja på Skeisvang
  2. Eg har dansa i seks år og har valt dette ut frå meg sjølv, og kva danselæraranbe min har sagt.

10D

Mihails Kovalevskis (16)

  1. Elektro
  2. Eg vurderte å ta TIF, men etter å ha snakka med gutane i klassen, blei eg meir interessert i elektro og lest meg opp på det. Eg trur det gir mogelegheit for ulike jobbar heile livet.

Emil Svendsen (16)

  1. TIF
  2. Eg var på vgs-dag i 8. klasse og har tenkt at dette er noko for meg sidan då.
Powered by Labrador CMS