sport
Vart nummer to i sin pulje
Makkerane Arne Martin Helland og Ole Alexander Sveen Kallevik var suverene og vann 2-0 i første kamp. I andre kamp blei det tap, og i morgon startar dei dagen med 8.delsfinale.
Det blei ein våt start på puljespelet i junior-NM sandvolleyball med mykje regn. I GU15 er det 15 lag fordelt på fem puljar i dei innleiande kampane. Sveiolaget spela i pulje C saman med to andre lag som er rangerte som nummer 3 og 13.
Første kampen var Arne Martin Helland og Ole Alexander Sveen Kallevik heilt overlegne, og vann 2-0 med settsifra 21-2 og 21-10.
Jamnt og spennande
I den andre kampen møtte dei laget som er rangert som nummer tre i denne årsklassen i Noreg. Det vart ein langt jamnare og meir spennande kamp med mykje godt spel av begge laga. Det måtte tre sett til for å få ein vinnar.
Første settet vann Arne Martin og Ole Alexander 21-17. I andre settet tok motstandarane mykje meir over, mellom anna med svært gode servar. Det enda med 21-5 til det andre laget. Tredje og siste sett vart igjen ein jamn og underhaldande batalje. Men enda dessverre med 15-11 til motstandarlaget som vann 2-1 i sett.
Litt skuffa
Med ein tapt og ein vunne kamp er Arne Martin og Ole Alexander nummer to i si pulje. Det betyr at dei i morgon møter nummer to i ein av dei andre puljane til 8. delsfinale.
– Det var nesten, og ikkje så godt å seia kva som ikkje stemte heilt. Dei er litt skuffa, men ved å bli nummer to, møter dei eit lag som er meir jamngode i 8.delsfinalen, seier Marthe Olesdatter Sveen Kallevik, både volleyballeiar, lagleiar og mor under junior-NM.
Stiller aleine på banen
Trenar Thor Viggo Østebrød er ikkje med til Oslo, men har coacha dei på førehand og per telefon. Gutane har sjølve valt å ikkje ha nokon andre med på banen under kamp. Trenar eller støtteapparat har ikkje lov til å kommunisera med spelarane undervegs, men kan snakka med dei i pausar.
Junior-NM sandvolleyball blir for tredje år på rad arrangert av Koll Volley. Kampane blir spelte på flotte Koll Arena og Voldsløkka Sandvolleyballanlegg, og junior-NM er ein del av Sandstorm Oslo Beach Festival.