sport
Vann si første golfturnering i USA
Sveibuen Bård Bjørnevik Skogen gjekk heilt til topps i golfturneringa The Big Texan tysdag. Same dag bli han også teke ut til Team Norway.
Turneringa gjekk i Kerrville på River Hill Country Club sin par 72-bane, og 21-åringen spela tre svært jamne rundar med 70, 71 og 70. Han gjekk fem under par og enda på 211 poeng.
— Det er utruleg kjekt at han vann, og ekstra kjekt at han har kome seg opp igjen etter skade i fjor. Han reiste til EM i juli, men måtte gje seg midt i turneringa på grunn av at strekkskaden i ryggen blei så ille at han nesten ikkje kunne gå. Det har teke tid å koma tilbake, og sjølv om turneringa ikkje er av dei mest prestisjefylte, held spelarane veldig høgt nivå, seier mor Anne-Gunn Bjørnevik.
Ny turnering laurdag
Bjørnevik Skogen studerer sportsmangement på Texas Tech University, og har til sommaren budd i Lubbock i tre år. Han spelar for universitetslaget, og ein del av turneringane han deltar på er også for lag. The Big Texan er ei individuell turnering utan lagkonkurranse.
— Det er eit ganske travelt program framover. Neste turnering er allereie laurdag i Houston, fortel Bjørnevik.
Truleg oppover på rankinga
Bjørnevik Skogen er nummer 72 på verdsrankinga for amatørar, men gjer truleg eit hopp oppover etter sigeren.
— Eg bryr meg ikkje så mykje om rankinga. Den går opp og ned heile tida for alle. Det viktigaste er at han gjorde sitt beste og vann med det, seier mor Bjørnevik.
Ho la ut ei oppdatering på Facebook-sida «Bårds golfvenner» om sigeren, og fortel at Bård set stor pris på dei mange kommentarane som har kome.
Tatt ut til Team Norway
Tysdagen blei ein veldig god dag for den lokale golfspelaren. Bjørnevik Skogen fekk nemleg også beskjed om at han er teken ut på Team Norway, som er elitesatsinga til Norsk Golfforbund.
— Han har vore med på Team Norway ein del år tidlegare, og hadde nok blitt skuffa om han ikkje var blitt tatt ut. Spelarane på teamet blir satsa på, får veldig god oppfølging på alle måtar og reiser mykje på turneringar, så dette var ein veldig kjekk beskjed å, seier Bjørnevik.