sport
Vann Noregscup i rytmisk gymnastikk
Linn Kristin Årre frå Auklandshamn tok samanlagt gull då ho nyleg tevla i Noregscup i Asker. Den 12 år gamle sveibuen er på sitt fjerde år i rytmisk gymnastikk. — Målet mitt er å verta betre, seier Årre.
Ho er nøgd med korleis det gjekk forrige turnering, noko ho har god grunn til. Linn Kristin Årre frå Auklandshamn drog i slutten av april månad til Asker for ein konkurranse i rytmisk gymnastikk.
— Eg synest det er veldig gøy, seier Årre.
Samanlagt siger
Der tok ho andre plass i kategorien yngre junior.
— Det er tre nasjonale konkurransar, ein i Oslo og to i Asker, seier mamma Ruth Linda Årre.
— Korleis gjekk det i dei andre konkurransane?
— Ho fekk sjetteplass i Oslo, førsteplass første gong i Asker, og andreplass denne gongen, seier mamma Årre.
Samanlagt vert ho då vinnar av Noregscupen for hennar klasse, med høgast resultat totalt sett.
— Er du stolt av dottera di?
— Ja, det er eg, svarar mora.
Byrja i pandemien
Ho fortel at det har vore ein kjekk aktivitet for dottera sidan 2019, og at det nærmar seg fire år med rytmisk gymnastikk.
— Linn Kristin byrja hausten 2019, og byrja på konkurransar eit år seinare, seier mora.
Den første konkurransen ho deltok i var under pandemien. Då vart alt gjort digitalt.
— Då trena dei via data og filma konkurransen. Då fekk ho tredje plass. Og så vann ho den neste, då var ho i nasjonal klasse, seier mora.
Vinnaren beskriv sporten som veldig kjekk, og forklarar enkelt kva det går ut på.
— Ein dansar til musikk med reiskap og sånt. Det kan vere forskjelleg utstyr, seier Årre.
— Er det tungt?
— Ja, det er det, svarar ho.
Utøvaren fortel at dei har gode trenarar, og treningane byrjar alltid med oppvarming.
— Me varmar opp rygg, så gjer me spagat, og så styrke. Deretter byrjar me på programma våre, seier Årre.
Anbefaler å prøva
Programmet er det dei viser fram i konkurransar, og er ein dans til musikk. Favorittprogrammet hennar er ein dans der ho brukar ein kølle, og songen «I´m still standing» av Elton John.
I byrjinga av juni kjem det nok ein konkurranse, og treninga er godt i gang.
— Eg trenar fire dagar i veka, tolv timar til saman, seier Årre.
— Då er det Noregsfinale, og dei 15 beste i kvar klasse skal vera med, legg mamma Årre til.
Ho er førebels den einaste sveibuen på treninga i Haugesund, og anbefalar rytmisk gymnastikk til dei som måtte vera interesserte.
— Har du eit mål?
— Eg har lyst å fortsetja med det, men eg veit ikkje kor lenge. Målet mitt er å verta betre, seier Årre.