sport
Til topps på landsskyttarstemnet
Haugesund og Sveio Skyttarlag vann torsdag lagkonkurransen på Landsskyttarstemnet i Steinkjer.
– Dette var vanvittig kjekt og heilt uventa, seier ein overbegreistra Olve Grønås Birkeland på telefon frå Steinkjer kort tid etter premieutdelinga.
Dei to sveiobrørne Olve og Brynjar Grønås Birkeland utgjer halvparten av laget som no har stadfesta at dei er best av 800 skyttarlag i hele landet. Dei to andre på laget er Torbjørn Nervik og Emil Pleym Iversen.
Slo favorittane
– Me var absolutt ikkje favorittar, men store undedogs før konkurransen tok til. Det var heilt sjukt å vinna over store lag med toppskyttarar, seier Olve vidare.
Han merka seg at kommentatoren brukte omgrepet knock out om innsatsen til Olve og laget hans i sluttfasen.
Han poengterer også at det var særs kjekt å vinna med eit lag denne gongen.
– Det har eg ikkje gjort på Landsskyttarstemnet før. Tidlegare har eg vunne i individuell skyting.
Vil framleis vera i toppen
I år har det ikkje blitt nokon individuell siger på storskyttaren frå Sveio. Han meiner dette har samanheng med at han har hatt mindre tid til å trena på grunn av travle studiedager på NTNU.
– Men eg håpar å få meir tid til trening framover, for eg vil gjerne vera god, seier Olve før han og faren Arne Birkeland drog ut på løpetur. Brynjar hadde alt reist frå stemnet då Vestavind var i kontakt med laget.