sport

Sveio Menn 1Sveio Fotball
Det vart dessverre eit tap for Sveio mot Skjold 2.Bak frå venstre: Erik Sydnes, Martin Sydnes, MIkal Fransson, Lars Rødseth, Aasmund Bakke Handeland, Erlend Katla, Daniel Rommetveit, Eirik Torkelsen Haugsgjerd, Henrik Grasdal Larsen (trenar).Framme frå venstre: Thomas Stavland, Petter Vikse, Halvor Sausjord Bjelland, Selmer Sandaas, Alexander Agasøster, Simen Hansen og Stian Selsås Katla.

Tap for dei raude mot Skjold 2

Herrelaget til Sveio gjekk på eit surt tap på bortebane måndag kveld. Småfeil gav Skjold 2 fleire sjansar på mål og det enda 3–2 for heimelaget. — Me hadde ballen mesteparten av tida, men klarte ikkje å utnytta det, seier trenar Henrik Grasdal Larsen.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

6 divisjon avd. 4

Skjold 2 – Sveio   32 (2–2)

Mål: 1–0 (12 min.) Morten Bådsvik, 1–1 (37 min.) Deni Musaev, 1–2 (38 min.) Eirik Torkelsen Haugsgjerd, 2–2 (40 min.) Håkon Knutsen, 3–2 (47 min.) Håkon Bådsvik.

Gule kort: Knut Eirik Kringeland, Håkon Bådsvik, Niklas Bådsvik Handeland

Dommar: Kjetil Nesbu, Skjoldar IL

Måndag kveld møtte Sveio sitt herrelag Skjold 2 på bortebane. Der gjekk det dessverre ikkje dei raude sin veg.

— Det vart tap, så det var sorga si greie, seier Henrik Grasdal Larsen, trenar for Sveio.

Heimelaget Skjold tok leiinga etter berre 12 minutt, og stillinga heldt seg slik inntil Sveio reduserte ein liten halvtime seinare. Så vart det tre mål på fire minutt.

Då utlikna Deni Musaev i 37. minutt, før medspelar Eirik Torkelsen Haugsgjerd sende Sveio i ledinga berre eit minutt etterpå.

Hawaii-fotball

Dessverre varte ikkje gleda lenge, då Skjold 2 utlikna i 40. minutt.

— Det var litt Hawaii-fotball på slutten av første omgang, seier Larsen.

Skjold 2 auka leiinga rett etter pause i 47. minutt, og endeleg resultat vart 3-2 til heimelaget.

— Me var vel kanskje ikkje heilt på. Me har ballen 70 til 80 prosent av tida, men klarar ikkje å utnytta det. Me klarar ikkje å omdanna det til sjansar, og dei me har dei brenn me, seier Larsen.

Han fortel at dei møtte eit lag med erfaring frå ein høgare divisjon, og som var betre innøvd.

— Dei har litt meir rutine på baken enn oss, seier han.

— Var det nokre flotte augeblikk?

— Ja, me scora to mål som dei eigentleg gav oss når dei gjorde ein feil, svarar Larsen.

Toppkamp neste veke

Trenaren var sjølv borte frå forrige kamp mot Trott 2, då Sveio vann 4–1. Då låg han heime med korona, og spelar Petter Vikse måtte vera trenar.

— No er eg mykje betre. Det var godt å ha Vikse tilbake på banen. Han er ein spelar med pondus som tek godt for seg i duellar, seier han.

Neste onsdag den 26. april vert det ein stor kamp mot Ølen 1. Då spelar Sveio på heimebane, og trenaren omtalar det som ein skjebnekamp.

— Det er vel det nærmaste ein kjem ein toppkamp. Dei har vunne alle kampane i serien og ligg best an til opprykk. Neste kamp mot Ølen er meir eller mindre ein vinn eller forsvinn-kamp for vår del, om me skal rykka opp, seier Larsen.

Powered by Labrador CMS