sport

Sveio volleyball: – Som ein liten talentfabrikk

Ole Johan Sveen melder om tre sveibuar på senior og juniorlandslag og fleire i eliteserien. No etterlyser han fleire trenarar til spelarane.

Publisert Sist oppdatert

Då han får spørsmål om kor mange volleyballspelarar frå Sveio som tilhøyrer øvste sjikt, må han ta ein pause for å humra litt.

– Tja, kor mange skal eg ta med? Me har tre landslagsspelarar, ein på senior herre og to på junior dame, seier Ole Johan Sveen.

Landslag og eliteserie

Malin Halleraker, Sara Guddal Kvalvågnes og Sebastian Nicoara er tre sveibuar som no konkurrerer med flagget på skuldra.

Førre helg debuterte Sara og Malin i eliteserien for Førde. Det er første gong at to jenter frå Sveio spelar i toppdivisjonen for same lag.

Volleyballtrenaren er veldig stolt av alle tre. Han fortel at det også er fleire frå Sveio som gjer det bra.

– Nicoara spelar også på Torvastad. Det er eliteserieklubben her i distriktet. Der spelar også Håkon Sveen Lothe frå Sveio, seier Sveen.

For dei ukjend med volleyball er eliteserien det same som tippeligaen er for fotball, det øvste å konkurrera i nasjonalt.

– Kan ein seia at Sveio held fram med å skapa gode spelarar?

– Ja, i det siste har me kalla oss sjølv for ein liten talentfabrikk, seier Sveen.

Førstedivisjon i Førde

Ein femte sveibu, Ole Alexander Sveen Kallevik, har valt å flytta til Førde som ligg utanfor Sveio. Han går på VG2 Helseservice ved Førde videregåande skule, og søkte seg opp dit for å kunne kombinera skule med volleyball på høgare nivå i Førde VBK.

– Der er Noregs mest veldrivne og mogelegvis beste klubb i landet, seier Sveen.

I Førde har Kallevik spelt seg inn på førstedivisjonslaget deira.

– Det er veldig sprekt for å seia det slik, legg Sveen, som i tillegg til å vera stolt trenar også får gleda av å vera stolt bestefar.

– Veldig godt miljø

– Uttalar du deg som trenar eller bestefar? Klarar du å vera objektiv?

– Eg trur eg er flink til å skilja det, seier Sveen.

Kallevik fortel at han trivst godt i Førde der han får utfordra seg ekstra mykje. Grunnlaget av talent han byggjer vidare på har han fostra i Sveio.

– Eg synest me har eit veldig godt miljø i Sveio, kor alle som har lyst å prøva sporten er velkomne uavhengig av kva erfaring dei har. Me har dyktige trenarar med lang og god erfaring i rolla. Eg har vore med i Sveio i fleire meisterskap, mellom anna NM, og det har vore veldig kjekt, skriv Kallevik i ein SMS.

Stabilitet og eigeninnsats som oppskrift

Det samsvarar godt med kvifor Sveen trur Sveio boksar over vektklassa si, sportsleg sett.

– Kvifor har Sveio så mange flinke i volleyball?

– Det er sikkert mange grunnar, men rammene våre er på plass kan du seia. Me er stabil på trenarsida, stabil på økonomi og ikkje minst eit veldig godt miljø, seier Sveen.

Men om han må velja ein grunn til at så mange vert så gode så må det vera eigen innsats.

– Det er dei sjølv som har vore ivrige og trent mykje meir enn gjennomsnittet, svarar han.

Litt krise

Fleire spelarar går på trening også i Haugesund for å få nok volleyball, kor tilbodet er større. Sveen reknar at det er rundt 50 spelarar totalt i Sveio. Det einaste problemet er kven som skal trena dei.

– I år manglar me trenarar. Eg har ansvar for tre lag midlertidig, og me står på for å få det til. Men når me byrjar å reisa for å spela kampar kan me ikkje ha det slik. Eg kan ikkje reisa samstundes med tre forskjellige lag. Det går jo ikkje, seier han.

Sveen seier at også dottera hans har teke midlertidig ansvar for eit lag. Situasjonen for trenarar per no er stabil grunna ekstratiltak frå deira side, men han håper verkeleg dei får fleire trenarar med seg.

– Det er litt krise på trenarsida, puttar han det i klartekst.

Og Sveen gjer klart kva konsekvensane vil vera på sikt, at Sveio vil mista rekruttering til sitt velfungerande volleyballmiljø.

– Inntil me får tak i fleire trenarar har me ikkje eit tilbod til dei aller yngste, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS