sport
Sveio IL gjer kvalitetsgrep
På landsbasis er fråfallet i barne- og ungdomsfotballen på 8 prosent, i følgje Norges fotballforbund. Sveio IL har også fått kjenna på konsekvensar etter pandemien. Oppsummert status for fotballen er at rekrutteringa er bra, aktiviteten er god for dei yngste, og at tilbodet i ungdomsfotballen er i ferd med å bli betre.
Parkeringsplassen, tribuna og kunstgrasmatta blir raskt fylt opp av bilar, spelarar, foreldre, søsken, hundar og besteforeldre ettermiddagen Vestavind besøker arenaen der over hundre aktive spelarar er innom kvar veke.
I dag har Sveio IL fleire kampar på heimebane, i tillegg til treningar. Mellom anna skal Sveio G9 møta Haugar, og Bjørn Tore Larsen er tidleg ute i lag saman med pappa Torbjørn, bana må riggast til med mål og kjeglar.
Laga til 9-åringane skal ha fem spelarar på bana om gongen, det held enda godt for laget til Bjørn Tore og kameratane, som snart skal i elden mot blåkledde Haugesunds-gutar.
Sårbart for dei eldste
Til eldre ein er i fotballen, til fleire spelarar treng ein på bana. Når ein startar som 6-åring er det tilstrekkeleg med tre på bana, men 13-årslaga kan vera anten 9ar- eller 11ar-lag – utan innbytarar. Då er det sårbart når fråfallet startar.
Ine Salte Andersen er leiar for fotballgruppa. Ho fortel at også Sveio IL merkar at spelarar har lagt
opp. I sommar blei to lag trekte frå seriane dei høyrer til.
– G15 og G12 var viktige ressursar i klubben. Spelarane som er igjen har blitt med på lag som høyrer til neste årskull, forklarar Andersen, som ikkje kjenner årsaka til at fleire gav seg.
Likt med resten av landet blei også alle aktivitetar i Sveio IL stoppa.
God rekruttering
– Dei kan ha mista motet då det ikkje var verken trening eller kampar på fleire månadar, seier Andersen, som legg til at aktiviteten begynte så smått igjen i juni.
– Heldigvis har me god rekruttering i andre enden, mange har lyst til å prøva fotball, men det er litt vanskeleg å halda på dei, seier fotballeiaren frå Rophus.
For tida er det flest lag for dei yngste, på 2014-kullet – årets førsteklassingar, er dei opp mot 35 spelarar. I andre enden er dei eldste laga G13, J14, deretter J17.
Betre enn venta
Leiar i Sveio IL, Lillian Rommetveit er ikkje veldig uroa over at to lagt har lagt ned, sjølv om ho synest det er eit tap. Det er ikkje uvanleg at fotballspelarar som har fått ein del sesongar bak seg parkerer fotballskoa.
– Det er ofte dei eldre som ramlar ut. Var dei på vippepunktet før, har dei kanskje funne andre interesser i denne lange pausen, seier Rommetveit. Ingen av dei andre avdelingane i klubben lir som følgje av medlemstap.
– Me trudde det skulle bli verre, seier Rommetveit.
Kvalitetsklubb
Når det gjeld ungdomsfotballen kunne det vore fleire lag i klubben. Det Rommetveit kan seia om det, er at fotballstyret er på ballen når det gjeld å leggja forholda til rette for eit godt tilbod. Det handlar om å følgja opp lag og spelarar på nivået dei er på.
– Me har også tatt steget mot å bli ein kvalitetsklubb i NFF, fortel Rommetveit. Det inneber at verdiane i idrettslaget skal utviklast, kompetanse aukast og ryddige strukturar etablerast – rett og slett for å vera ein klubb som kan tilby aktivitet med kvalitet.