sport
Sveio drill tok 27 medaljar
Vinterpokalen 2024 – Vestnorsk drillmeisterskap hadde 355 utøvarar frå heile landet. Sveio drill imponerte igjen og tok mange av medaljane.
– Det blei 27 medaljar fordelt på 17 gull, 6 sølv og 4 bronse i 27 ulike kategoriar både i solo, duett og tropp. I tillegg var det mange gode plasseringar, så me er veldig godt nøgde, seier Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou i Sveio drill.
Uttak til NM
Prestasjonane blei også vurdert opp mot uttak til NM. Her kunne Sveio drill notera seg for ikkje mindre enn 13 uttak i solo og duett både i youth, junior og senior.
Desse fekk eit eller flere uttak: Hermine Uri, Emilia Åsbø, Cecilie Apeland, Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou, Renate Fjelde Pedersen, Sunniva Vikse, Emmelin Hjelmeseter, Malin Åsbø og Alex Heggheim Petersen. Sistnemnde er også med i Åkra drill.
– I år har har Sveio fire satsingstroppar: Showtwirl junior, Exhibition Senior, Exhibition junior og Baton Flag Senior. NM på Lillehammer i juni er neste steg på vegen mot uttak til EM i Nederland i oktober, seier Kvalvåg Panayiotou.
Over 400 startnummer
Årets Vinterpokal var den 15. I rekka, og i helga var det mange hundre publikumarar i Tysvær Arena for å sjå dei 355 utøvarane frå Harstad i nord til Oslo i sør, samt Rogaland og Vestland. Totalt var det 24 troppar i sving.
– Konkurransen hadde over 400 startnummer, og Sveio drill stilte med 33 utøvarar og 48 startnummer, fortel Kvalvåg Panayiotou.
Stor dugnadsinnsats
Vinterpokalen blei arrangert i samarbeid med Norges Musikkorps Forbund (NMF), men den tekniske og praktiske gjennomføringa var det Sveio drill som sto for. Laurdag var første startnummer på golvet klokka 09.00, og siste klokka 19.00. Søndagen var det konkurranse frå klokka 09.00 til 15.45.
– I tillegg var det 150 på overnatting på Frakkagjerd ungdomsskule. For å klara og gjennomføra eit stå stort arrangement, var neste alle foreldre og føresette til våre 63 medlemmer med. Dei gjorde ein kjempejobb i helga, skryt Kvalvåg Panayiotou.