sport

Sveibu til europacupen i volleyball

Det er ein svært gammal draum som går i oppfylling når sveibuen Håkon Sveen Lothe (22) får debutera i europacupen for volleyballag.

Publisert Sist oppdatert

– I minst ti år har dette vore det høgaste ønsket mitt, seier Lothe.

No skjer det, i Las Palmas på Gran Canaria tysdag 8. oktober. Lothe spelar på BK Tromsø sitt elite-herrelag og skal møta San Roque Las Palmas. Av praktiske grunnar skal dei spela både borte- og heimekamp i Las Palmas. Dermed blir det kampar både 8. og 9. oktober, fortel den unge sveibuen.

Studerer idrettsfag

For han handlar det meste om volleyball både tidleg og seint.

– Eg starta som fireåring med bestefar Ole Johan Sveen som trenar og spelte på Sveio heilt fram til 2019. Då melde eg overgang til Torvastad og fekk vera med på å spela dette laget frå 2. til 1. divisjon, fortel Lothe.

Han har også spelt på Sunnfjord medan han gjekk på volleyballina på Sundfjord folkehøgskule. I haust starta Lothe på eit treårig studium i idrettsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Han reknar med å spela på BK Tromsø i heile denne perioden.

Styrka Tromsø-lag

– BK Tromsø Elite Herrer er ikkje det beste laget i europacupen, men me skal bita godt frå oss, seier Lothe.

Han minner om at laget, som var på nedrykksplass i fjor, er styrka med fleire gode spelarar denne sesongen. Det gjeld brørne Petter og Kristoffer Østvik som gjer comeback på laget, og kanadiske Jake Gomes. Petter Østvik har vore proffspelar i Frankrike, Gomes i Aserbajdsjan. Tromsø-laget er tippa på tredjeplass i Mizunoliligaen, den norske eliteserien.

Seriestart

Her heime var det seriestart i helga. BK Tromsø møtte først det bergenske topplaget TIF Viking på bortebane fredag. Då var også bestefar og tidlegare trenar Ole Johan Sveen og ei stor gruppe av både familie og spelarar frå Sveio til stades på tilskodarplass. TIF Viking vann denne kampen 3-0.

Laurdag spelte BK Tromsø eliteseriekamp mot Førde og vann 3-2 over sunnfjordlaget.

Stolt bestefar

– Sjølvsagt er me stolte av han i familien. Som trenar gler eg meg også over at han lykkast på høgt nivå, seier Ole Johan Sveen.

Han har vore volleyballtrenar i Sveio Idrettslag og godt over 30 år. Og barnebarnet Håkon er ikkje den einaste av dei han har trent som har gjort det godt i andre klubbar.

– Dei fleste spelarane forlet Sveio i 17-18-årsalderen, men fleire har hevda seg godt på høgt nivå andre stader, seier Sveen.

Han nemner mellom andre Sebastian Nicoara, som spelte saman med Lothe på Torvastad.

– For tida spelar også to jenter frå Sveio som eg ikkje har trent, på Førde VBK. Det er Malin Halleraker og Sarah Guddal, fortel Sveen.

Han er framleis aktiv som trenar og har i haust starta opp med ei ny gruppe frå 4. klasse og oppover.

Powered by Labrador CMS