sport

Arne Martin Helland (t.v.) og Ole Alexander Sveen Kallevik heldt humøret oppe og er nøgde med eigen innsats.
Arne Martin Helland (t.v.) og Ole Alexander Sveen Kallevik heldt humøret oppe og er nøgde med eigen innsats.

Spelte seg til 9. plass

Dei hadde eit hårete mål før junior-NM i sandvolleyball. Det enda med 9. plass, og det er Arne Martin Helland og Ole Alexander Sveen Kallevik godt nøgde med.

Publisert Sist oppdatert

I 8.delsfinalen onsdag, blei det 2-0-tap med settsifra 17-21 og 14-21. Arne Martin og Ole Alexander spelte godt, men dei andre var eit hakk betre. Mange av ballane til Sveio-duoen gjekk også akkurat utanfor linja.

– Etter kampen kom trenaren til motstandarane bort og sa dei var flinke. Han sa dei kjem til å gjera det godt neste år når dei kjem opp på stor bane, fortel Marthe Olesdatter Sveen Kallevik, volleyballeiar i Sveio IL.

Vann dei siste kampane

Etter tapet i 8.delsfinalen, var det klart for å spela om 9.-12. plass. Siste kampen onsdag vann dei overlegent 2-0 med settsifra 21-9 og 21-5. Dermed venta det kamp om 9. eller 10. plass i dag.

Humøret har dei halde oppe heile vegen, og det vart enno betre i dag då sola kom etter to dyvåte dagar i Oslo. Dei avlutta sin del av junior-NM med nok ein solid siger – 21-7 og 21-12 – og tok dermed 9. plassen.

Dei er no på veg over heimover, og Vestavind har tekstmelding-intervjua dei med hjelp av Marthe.

Heldt humøret oppe

– Kva er de mest nøgde med?

– At me klarte å smila og halda humøret oppe gjennom alle kampane, kjem det einstemmig.

– Eg er veldig nøgd med sjølve kampane. Me spelte godt, seier Ole Alexander.

– Blir det satsing på sandvolleyball vidare?

– Ja, det blir det vel, svarar Arne Martin.

– Eg vil i alle fall. Det beste blir at me neste år får spela på stor bane, seier Ole Alexander.

Neste mål er NM innandørs

Me må sjølsagt spørja om kva som er neste mål for sandvolleyballmakkerane.

– No skal me innandørs igjen og jobba mot NM, seier Arne Martin.

– Å gjera eit bra NM innandørs med laget vårt, seier Ole Alexsander.

– Så får me håpa at eit NM innandørs lar seg gjennomføra, legg volleyballeiaren til.

Powered by Labrador CMS