sport
Seriemeistrar med Seagulls
Allereie to kampar før sesongslutt var det klart at Haugesund Seagull sitt U15-lag blei seriemeistrar. Tre 15-åringar frå Sveio er med på laget, og dei avslutta med å vinna dei to siste kampane også.
Mari Reed Lund er for veteran å rekna. Ho har spela ishockey i 10 år allereie, men dette var hennar første seriemeisterskap. Ho spelar forward, eller spiss på fotballspråket, og scora 2 mål denne sesongen. U15 har to jenter til med på laget.
Daniel Malvin Fludal og Sander Larsen Fornes spelar høvesvis forward og goalie (keeper). Dei har langt kortare fartstid på isen enn Mari, men Daniel noterte seg for 9 scoringar. Sander har ikkje tal på kor mange redningar han har gjort.
Ulike grunnar
Alle tre synest sjølvsagt at det er stor stas med seriemeisterskapet. Seagulls var rett og slett overlegne. Dei vann 14 av 18 kampar. Dobbelt så mange som nest beste lag.
Dei har ulike grunnar til at dei begynte med sporten.
— Eg hadde lyst til å stå på skøyter, og ishockey virka gøy, seier Mari, som i april skal spela med kvinnelaget til Seagulls.
— Eg var med og såg på veslebror min som trente, og så fekk eg lyst til å prøva sjølv, seier Daniel.
— Eg begynte fordi eg er kompis med Daniel, og så hadde eg spela ein del NHL på Playstation, fortel Sander.
Mange kampar i sesongen
Ishockey er ein veldig fysisk sport, og dei fortel at det blir nokre blåmerker i løpet av sesongen. Ein ishockeypuck får svært stort fart. Opp mot 160 km/t på seniornivå, og me må berre spørja:
— Er det ikkje skummelt å stå i mål?
— Nei. Det går så fort at du ikkje har tid til å bli redd, seier Sander.
Konkurransesongen er frå oktober til mars, og i periodar er det kampar kvar helg. Dei trenar fire gonger i veka, og kan også ta ei 5. trening om dei vil.
Denne sesongen har dei hatt is frå skulestart i fjor til no. Framover blir det barmarkstrening. Ikkje på nær så kjekt som å spela på is, men naudsynt for å vera klare til neste sesong.
Vil ha med fleire sveibuar
Det er fleire sveibuar som spelar ishockey, mellom andre to på kvinnelaget til Seagulls.
— Ishockey er for alle, og me er klubben for heile Haugalandet. Me har til og med hatt spelarar som har reist heilt frå Odda. Me har eit veldig godt miljø og mykje å tilby, og eg håper at enno fleire sveibuar for augene opp for sporten og blir med oss, seier Øyvind Tollaksen, leiar i Seagulls.