sport
Ny topplassering til Sveio-klatrar
Ingrid Klindlihagen blei berre slått av norske Sunniva Eik Haave under nordisk meisterskap i buldring i helga. No ventar nye oppgåver for landslaget.
Sveibuen representerer Haugaland Klatrelag, og har gjort seg bemerka både nasjonalt og internasjonalt i fleire år. Meisterskapen i Oslo samla over 350 deltakarar, og er med det den største klatrekonkurransen som er arrangert i Norden.
— Det var ein hard konkurranse, og Sunniva som vann har vunne dei fire siste gongane. Men det var veldig kjekt å konkurrera igjen. Førre konkurranse var nordisk meisterskap i ledklatring i september i fjor, seier Kindlihagen.
Bur i Innsbruck
— Kor mykje trenar du for å halda dette nivået?
— Eg ligg på 25 timar i veka, pluss minus.
Når Vestavind snakkar med Kindlihagen, har ho akkurat kome tilbake frå Oslo. Ho bur for tida i Innsbruck i Austerrike der det er eit stort klatremiljø og gode treningsforhold. Og ho studerer.
— Eg tar eit eitårig studium i mat, ernæring og helse. Det er nettbasert, og då kan eg studera når det passar enten eg er i Innsbruck eller er på reise og konkurrerer, seier Kindlihagen.
Japan og Sør-Korea
20-åringen har vore på landslaget i klatring sidan 2017. Først som junior, og frå 2021 som senior. No kjem nye utfordringar på rekke og rad dei neste vekene.
— Påskehelga skal eg til Frankrike og klatra europacup. Helga etter reiser eg til Japan og Sør-Korea der det er verdscup, fortel Kindlihagen.